Stig Gram-Knutsen drog opp to laks tysdag morgon. (Privat bilete)
Stig Gram-Knutsen drog opp to laks tysdag morgon. (Privat bilete)

Laks, laks og meire laks

Regnet dei siste dagane har sett fart i laksefisket i Oselvo. Med unntak av laksen Kjell Morten Søvik fekk på tørr elv i forrige veke har det ikkje blitt tatt laks før det for alvor losna måndag denne veka.

Leif JUvik

Først var det Remi Bårtvedt som slo til. I løpet av to timar fekk han to fine laksar - ein på 3,5 og ein på 5 kilo. Dermed var det "raudt kort" på han. Fiskereglane for elva seier at ein max får ta to laks for dagen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Neste mann ut var Tore Engelsen Moberg. 6,1 kilo var laksen han fekk måndag kveld.

Gode utsikter

Det gode fisket held fram tysdag. På morgonen slo Stig Gram-Knutsen til med to laksar mellom tre og fire kilo, og dermed var det "raudt kort" på han òg.

Om vermeldingane slår til framover er det gode sjansar for at det gode fisket held fram utover i veka. Oppdatert laksebørs finn ein på www.scanatura.no, under laksefiske/fangstrapport/oselvo,

Remi Bårtvedt fekk to måndag kveld; 3,5 og 5 kilo
Remi Bårtvedt fekk to måndag kveld; 3,5 og 5 kilo
Stig Gram-Knutsen fekk to tysdag, begge mellom 3 og 4 kilo
Stig Gram-Knutsen fekk to tysdag, begge mellom 3 og 4 kilo
Laksen Tore Engelsen Moberg fekk måndag kveld er den største til no; 6,1 kilo
Laksen Tore Engelsen Moberg fekk måndag kveld er den største til no; 6,1 kilo