Har storleiken på skulen noko å seia for elevanes læringsmiljø? Forskarane stridast. (Illustrasjonsfoto)
Har storleiken på skulen noko å seia for elevanes læringsmiljø? Forskarane stridast. (Illustrasjonsfoto)

Liten versus stor skule

- Ein har ingen garanti for at dei små skulane er gode. Men det er heller ingenting som tilseier at dei er dårlege.

Det seier professor ved Høgskulen i Volda, Rune Kvalsund. Han har mellom anna skrive ei doktorgradsavhandling om elevrelasjonar og læring i fådelte og fulldelte bygdeskular (Kvalsund 1995), samt delteke i eit stort internasjonalt forskingsprosjekt der små og store skular i Noreg, Sverige, Finland, Skottland og England var del av studia (Kvalsund & Hargreaves 2009).

- Konklusjonen er nokså klar. Det er ingen skilnad på små og store skular når det gjeld kunnskapslæring. Snarare tvert i mot. Det går i dei små skulane sin favør, seier Kvalsund.

Artikkelen held fram under annonsen.

Hovudproblemet i mange skulestrukturdebattar er, ifølgje Kvalsund, korleis ein ser på dei små skulane.

- Dei små skulane vert ofte oppfatta som mangelutgåver av dei store. Det er det ikkje noko grunnlag for å gjera, meiner professoren.

- Betre sjølvoppfatning

I avhandlinga si henta Kvalsund data frå 19 skular i fire kommunar (nord, sør, aust og vest i landet). Seks av skulane var fulldelte, tre tredelte (to årstrinn i same klasse) og ti todelte (tre årstrinn i same klasse).

- I dei små samfunnsaktive skulane har 80 prosent av elevane ei positiv, sosial sjølvoppfatning. I store klasseromsorienterte, individualiserande skular er talet 54 prosent, fortel Kvalsund.

Professoren legg likevel vekt på at å vera liten, er ingen kvalitetsgaranti.

- Dei små skulane er ofte veldig gode når dei er gode. På den andre sida kan det vera risikofylt å vera liten. Dårlege lærarar og samansettinga av elevar kan ha mykje å seia, seier Kvalsund.

Han peikar på fleire ting som kan gjerast dersom forholda vert for små, så som utvekslingsordningar mellom dei ulike skulane i kommunen.

- Ein må ikkje vera redd for å ta i bruk slike løysingar, seier Kvalsund.

Artikkelen held fram under annonsen.

Professoren er samd med dei som hevdar at skulen har mykje å seia for utviklinga til bygda han ligg i.

- Skulenedlegging er ofte starten på ein demonteringsprosess. Nedlegginga fører ikkje til umiddelbar fråflytting, men kan på lengre sikt stogga tilflyttinga, seier professoren.

Eit heilt anna syn på saka

Forskinga er langt frå eintydig når det gjeld storleiken på skular, og kva det har å seia for læringsmiljøet til elevane.

Utdanningsforskar John Hattie har fått mykje merksemd for forskinga si dei siste åra. I ein studie frå 2009, som tek føre seg 80 millionar elevar, og meir enn 50.000 mindre studiar, konkluderer han mellom anna med at skulestorleik ikkje er blant dei faktorane som har særleg stor effekt på elevars læring.

Vidare peikar professor i pedagogikk ved Høgskolen i Hedmark, Thomas Nordahl, i ein studie frå 2007 på at elevar i små skular har noko lågare sosiale dugleikar enn elevar i store skular. Forskingsresultata byggjer på data frå éin kommune med om lag 9.600 elevar.

I ein rapport til Tokke kommune i 2014 skriv Nordahl også at små skular med få elevar på kvart trinn vil møta utfordringar knytt til å læra elevane formålstenlege sosiale dugleikar, og leggja til rette for eit utviklande sosialt samspel mellom elevane.

- I dette ligg det også at elevane ved små skular kan vera sårbare i utviklinga av eit positivt sjølvbilete, skriv Nordahl.

Professoren konkluderer altså stikk motsett av det Kvalsund gjer.

Artikkelen held fram under annonsen.

"Små" skular er ifølgje Kvalsund skular som har mindre enn 100 elevar. Dette gjeld om lag 34 prosent av grunnskulane i Noreg.

Nordahl på si side opererer med eit omgrep som seier at skular med ein "viss storleik", er skular som husar mellom 300 og 900 elevar (26 prosent av grunnskulane i Noreg). Dette er eit omgrep som stemmer overeins med internasjonal forsking.

Det tyder at uavhengig av om skulane i Fusa vert slegne saman eller ikkje, så vil dei alltid (med mindre ein endar opp med éin barneskule) verta oppfatta som små i internasjonal målestokk.