Liv Grete Skjelbreid og Jonas Gahr Støre tok opp ein felles video der dei kommenterte VM på ski.
Liv Grete Skjelbreid og Jonas Gahr Støre tok opp ein felles video der dei kommenterte VM på ski.

Liv Grete og Jonas Gahr Støre fann tonen

Statsministerkandidaten fekk høyra om korleis Liv Grete Skjelbreid nyttar alt ho lærte som skiskyttar i arbeidet med å byggja opp hyttehotellet på Skjelbreid. Jonas Gahr Støre la til at Liv Gretes livsfilosofi også er god samfunnsmedisin.

Mannen rundt halvparten av landets befolkning trur vert ny statsminister i løpet av året, var på veg. Atle Kvåle hadde måtta dra i nokre trådar for å få han innom Fusa, og no stod ordføraren ved innkøyringa til Skjelbreid for å geleida statsministerkandidaten med følgje strake vegen opp til hyttehotellet. Gahr Støre har for lengst starta valkampen, og reiser for tida Rogaland og Hordaland rundt for å samla røyster og besøkja verksemder som Palfinger og Hydro i landsdelen.

Felles ski-interesse

Ap-toppen kom fasjonable fem minutt for seint. Iført raudt skjerf og grå dress steig han inn og vart presentert for sine lokale kameratar i Arbeiderpartiet, og sjølvsagt for vertskapet, anført av dagleg leiar Synnøve Austestad.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Skjelbreid Poiree er ei hytte på 1000 kvm som samtidig er eit hotell. Men me likar å kalla det "hytto". Det skal vera ei roleg og avslappa stemning her. Ein stad der du kan finna roen, samtidig som ein kan ha arbeidsøkter i konferansesalen, fortalde Austestad, før ho gav ordet til Liv Grete Skjelbreid.

Skiskyttarstjerna fortalde frå den spanande tida i toppidrettsverda, og prestasjonane som ein kunne sjå prova på i gullmedalje-samlinga på hotellet. Jonas Gahr Støre kunne på si side røpa korleis han hadde site klistra til TV-ruta då duoen Liv Grete og Ole Einar Bjørndalen forsvarte Noregs ære på tidleg 2000-tal. Sjølv er han ein ivrig skigjengar, og har faste skihelger i lag med Jens Stoltenberg.

- Nyleg fekk eg det komplimentet at folk kunne sjå at eg var ein som hadde lært å gå på ski på 60-talet, sa Gahr Støre til latter frå forsamlinga.

Liv Grete Skjelbreid og Jonas Gahr Støre møttest til lunsj på Skjelbreid Poiree torsdag ettermiddag.
Liv Grete Skjelbreid og Jonas Gahr Støre møttest til lunsj på Skjelbreid Poiree torsdag ettermiddag.

Lærte verdien av lagarbeid

Liv Grete Skjelbreid fortalde blant anna om visjonen som låg bak hyttehotellet, og lærdommar frå toppidrettskarrieren. Blant anna om den gongen herrelaget greidde å snu vinnarlukka ved å etterlikna damelaget.

- Me fekk ein ny trenar. Han såg at damene presterte bra på stafett, medan mennene ikkje presterte så bra. Han spurde: Kvifor er det slik? Då kom det fram at mennene var svært konkurransedrivne individualistar som vart for opptekne av å fordela skuld når det ikkje gjekk bra på stafett. Resultatet vart at dei stod og skalv på startstreken. Damene hadde mykje betre lagkjensle, og sa "dette klarar me saman". Mennene måtte difor ut og eta middag i lag, og bli kjende på ein heilt annan måte enn dei hadde vore tidlegare. Då OL i Salt Lake City kom, vann også herrelaget gullmedalje på stafetten, fortalde Skjelbreid.

I tillegg til lærdommen om lagarbeid, var også det at alle må bli sett og verdsette i laget - same kva funksjon ein har - viktige byggjesteinar som ho har teke med vidare.

- Målet vårt her er å bruka lærdommane frå skiskyttarkarrieren til å byggja opp hotellet, sa Skjelbreid.

French connection

Snart sat alle rundt bordet inne i restauranten, medan bringebærsaft frå Øystese vart fylt i glasa. Husets kokk Robert Storum som er utdanna innan fransk kokkekunst, serverte svinekjøt med honningglasert bacon og eple-financiers med kanelis til dessert.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det franske var ei anna felles interesse Liv Grete og Jonas delte. Dei har båe budd i landet, og sine mange positive sider til tross, var dei einige om at det norske skulesystemet trass alt var betre.

- Det franske skulesystemet er skapt for å bryta deg ned. Eg hugsar ein gong eg rekte handa i vêret og begynte å seia at det er ein ting eg ikkje har forstått. Då avbraut han meg og sa: "nei, nei, nei, det er mange ting du ikkje har forstått.", sa Gahr Støre.

Liv Grete fortalde på si side om eit traumatisk møte med den franske skulen, der borna må begynna på førskule alt når dei er tre år gamle.

- Resultatet av skulesystemet er at mange fell heilt utanfor allereie på ungdomsskulenivå. Medan her har du eit jamt godt nivå på fleire, sa dei.

Ein visjon for samfunnet

Det var fånyttes å få Arbeidarpartitoppen til å seia noko om temaet Os og Fusapostens utsende hadde førebudd, om ferjefri E39 og indre trasé. At Arbeidarpartiet i Hordaland fylkesutval same dagen hadde opna døra på glytt for indre trasé, var ukjent materie. I ein svak augneblink hadde me innbilt oss at han ville leggja fram ein visjon for samferdsle på same måte som Erna Solberg gjorde på Halhjem ferjekai for å bli valt i 2013.

Noko slikt kom ikkje, men det mangla likevel ikkje på visjonar. Og sjølvsagt var det den edle skiskyttarsporten som var utgangspunktet også her. Jonas Gahr Støre nemnde at han nekta å tru på det avisene fortel om relasjonar mellom toppidrettsutøvarar.

- Du lever jo i eit sosialt fellesskap med menneske du ikkje sjølv har valt. Og så har du mediene som lagar ein dramaturgi om at alle elskar kvarandre. Dei vil ha ei historie om konkurrentar som likevel er bestevener. Men kan det stemma? spurde han.

- Der har du heilt rett. Det kan stundom oppstå fiendskap. Men me greidde å skapa gode lag likevel, ved å ta omsyn til kvarandre og la den enkelte bli sett. Eg måtte til dømes sjølv akseptera at eg var litt annleis og hadde behov for meir liv rundt meg, sa Liv Grete.

Artikkelen held fram under annonsen.

Jonas Gahr Støre tok parallellen vidare til det samfunnet han ønskjer seg.

- Det er ei overføring til samfunnet her også. Skilnader er bra i utgangspunktet. Men dersom eit samfunn får store ulikskapar i sosiale og økonomiske tilhøve, så flyttar du merksemda over på aggresjonen knytt til ulikskapane. Dermed blir ikkje dei positive skilnadene som finst mellom menneske ei positiv kraft. Det ser ein i fleire land i Europa. Det er noko av det me må prøva å hindra i vårt samfunn også, sa Ap-politikaren.

Takketale og avskjed

Halvannan time seinare var maten vel innabords, og statsminister-kandidaten heldt ein takketale.

- Eg har gledd meg til å møta deg, sidan eg er ein som sit og ser på. Min fars lidenskap var også sport, og høgdepunktet for han var då du og Ole Einar Bjørndalen representerte Noreg som desse to fantastiske sportsutøvarane. De har gjeve glede til svært mange, sa Gahr Støre.

Vidare lova han å tala vel om Skjelbreid Poiree til andre, og han ville prøva å koma tilbake att ved eit seinare høve.

Før Ap-toppen fôr ut døra rakk dei å kikka litt på VM i ski på storskjermen i stova, der det enda med norsk gull til Maiken Caspersen Falla.