Herlege jubelscener etter at Heine Alsaker Kolle har sendt Ådlandsfjorden opp i 2-0-leiing over Venjar.
Herlege jubelscener etter at Heine Alsaker Kolle har sendt Ådlandsfjorden opp i 2-0-leiing over Venjar.

Liv på Leiro i fjorden

Samanslåinga av Fritidsmønstringa og Markens Grøde-arrangementa er eit vellukka trekk i Eikelandsfjorden. Resultatet vert ein stor livleg folkefest.

I Os har dei uttrykket «Liv på Øyro». Laurdag slo fusingane eit slag for «Liv på Leiro». Ved å leggja tre veletablerte arrangement til ein og same dag, samla arrangørane truleg eit større publikum enn kvart enkelt innslag normalt ville famna.

- Me har gjort dette tidlegare også, og det ser ut til å fungera bra. Alt no ser me det er byrja å koma mykje folk, sa senterleiar ved Fjord'n senter, Vigdis Øvreeide tidleg laurdag føremiddag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Gründer-gutar frå Os

Då hadde ho nett introdusert eit av dagens første innslag på scenen, nemleg Kendama-gutane Kim Fredrik Moberg og Elias Salbu.

Dei to unggutane frå Os var på senteret for å fremja eit produkt dei er åleine om å selja i Noreg.

- Me sel eit japansk leikety kalla Kendama. Det stammer heilt tilbake frå 1.700-talet, men er like fullt eit svært underhaldande leikety, fortel Kim.

Elias Salbu har sett at tre-leiketyet har fått sin store rennesanse i Amerika og i andre meir eksotiske deler av verda.

- Eg budde ein stund på Hawaii for litt sidan. Der var det sjukt populært fortel, Elias.

Gutane vist fram Kendama-kunstane sine på scenen like etter. Med den vesle jojo-leiken fekk dei til all verdas ulike triks.

- I ein tid der alt er digitalt, er det kjekt å fremja ei leike som ein ikkje treng batteri-ladar til, humrar, Elias.

Kortreist mat

I og rundt Fjord'n senter og kommunehuset var det nærast 17. mai-stemninga, sjølv om vêrgudane ikkje baud på særleg festvêr for aktivitetane utandørs.

Artikkelen held fram under annonsen.

Mat for mons... og meg var det rikeleg av.

Underteikna skippa like godt matpakken. Det kunne eg trygt gjera. I Fjord'n senter kunne eg velja og vraka mellom eit rikt utval av kortreist- og noko lenger reist mat. Etter nokre smakebitar her og der fekk eg i alle høve utvida horisonten. Honningen frå Sotra var slett ikkje så verst.

Stilleiken i biblioteket i kommunetuenet var rimeleg vanskeleg å overhalda denne laurdagen. Her var det laga til internasjonale kafé med mat frå ei rekkje ulike.

Arrangementet vart laga til av avdelinga for kultur for integrering, og eit rikt utval av menneske med ulik kulturell bakgrunn stod for serveringa.

Rikt idrettsliv

I kommunetunet handla det om idrett denne laurdagen. Leiar i idrettsrådet i Fusa, Liv Kilen,. var stolt over å få kunna presentera det rike idrettslivet i bygda.

- I dag har me 10 idrettslag på plass for å visa kva dei syslar med. I Fusa kan ein driva med fotball, handball, karate, langrenn, skiskyting, sykling, symjing, turn og volleyball. Og når me i 2018 også får opp den etterlengta idrettshallen oppe ved ungdomsskulen, vil truleg fleire idrettar bloma opp i Fusa, seier Kilen.

Dersom det går som ho håpar vert hallen ferdig til bruk ein gong i løpet av 2018.

- Det har vore ein lang prosess med denne hallen, men me treng han. Sjølv om me skulle bli ein del av Os kommune, humrar Kilen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Samla bøsseberarar

Samarrangementet i Eikelandsosen var eit samarbeid mellom Fjord'n senter, Fusa kommune og Frivilligsentralen. Leier av Frivilligsentralen, Bodil Samnøy, var for dagen kledd i kledeleg raudt.

- Eg står her i dag i lag med Fusa Røde kors. Me er her for å fortelja om arbeidet dei gjer i bygda, men også for å samla bøssebærarar til årets TV-aksjon søndag 23. oktober, fortel Samnøy.

Med seg hadde ho leiar i Fusa Røde kors, Stig Berge, TV-aksjon-komite-medlem Åse Riise og leiar i TV-aksjonen for Hordaland Marthe Jansen.

- Fusingane er flinke til å stilla opp. Alt no har me 20 bøsseberarar, men me må nok ha ein del til, seier Jansen.

- Ja, faktisk minst 40, men det får me til, legg Åse Riise til.

Tøffe duellar

Av fysiske aktivitetar var det høve for å skyta med laser lengst inne i gangen. Gjengen frå Strandvik Skyttarlag fremja sporten på beste vis.

- Me har hatt ein bra tilvekst av yngre skyttarar dei siste åra. No skal me ha skyteskule litt seinare i haust, men har framleis nokre ledige plassar, lokka leiar Erik Vik.

Mellom kommunetunet og Fusa vidaregåande skule var det tøffe duellar på graset. Under leiinga av Richard Markhus var 10-årslaga til Venjar, Ådlandsfjorden og Eikelandsosen invitert til ein miniturnering i fotball, og dei unge spelarane gjekk til så graset vart pløyd for ny såing til våren.

Artikkelen held fram under annonsen.

Då Os og Fusaposten var bortom var det Ådlandsfjorden som viste seg best. Dei leidde 2-0 over Venjar.

Tøff versjå

Også bøndene fann underhald på Leiro på laurdag.

Fleire av dei stilte på kåringssjå av ver (han-sauer) på baksida av senteret.

Totalt 60 sauer vart utstilte, men langt frå alle vart kåra til avslingsver.

- Det er ein rimeleg streng dommar her i dag. Sjølv fekk eg alle mine godkjente, men eg veit at det er nokre som fekk stryk, røpte Magne Ljostveit til underteikna.

Varaordførar i Os, Marie Bruarøy var også nysgjerrig på sauene.

- Det er vel helst ullen deira eg er interessert i. Eg har nett lært meg å spinna, så eg har lese meg opp på typar sauer - norsk kvitsau, farga seplsau osv. No skal eg inn på senteret og snakka med ekspertane som fortel om prosessen «Frå ull til sokk», smiler Marie.