Marius Nilsen Kleppe og Natasha Smørholm fronta Sleepwalkers på ein svært lite søvndyssande måte.
Marius Nilsen Kleppe og Natasha Smørholm fronta Sleepwalkers på ein svært lite søvndyssande måte.

Livlige søvngjengarar bør gå våken eller sovande til fylkesfinalen

Fusa var heilt klart i overtal under UKM-arrangementet i Oseana søndag. «Sleepwalkers» var blant dei som utmerkte seg litt ekstra.

For femte året på rad arrangerte Os og Fusa felles utgåve av Ungdommens kulturmønstring. I fjor gjekk arrangementet av stabelen i Breidablikk i Fusa. Søndag var talenta samla på storscenen i Oseana.

Jamt bra nivå

Nytt av året var at samtlege deltakarar fekk høve til å øva og jobba med dedikerte instruktørar dagen før dagen. Laurdagens workshop i Oseana vart leidd av Håvard Skåtun, Eirik Søfteland og Tommy Haltbakk.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det var veldig kjekt å få hjelpa musikantane og dansarane litt i forkant. Eg trur det gjer dei litt tryggare på seg sjølv no før det brakar laus, sa Håvard Skåtun til Os og Fusaposten før det heile var i gang.

Eirik Søfteland brukte også god tid på å førebu konferansierane.

- Ta dykk tid og pust med magen, var noko av det siste Søfteland sa til Kristina Andreasson Dale og Elida Sofie Haugen Kords sprang ut i spotlighten.

Konferansierane Elida Sofie Haugen Kords og Kristina Andresson Dale gjorde ein kjempefin jobb. Her får dei nokre siste gode ord frå Eirik Søfteland før showet skulle i gang.
Konferansierane Elida Sofie Haugen Kords og Kristina Andresson Dale gjorde ein kjempefin jobb. Her får dei nokre siste gode ord frå Eirik Søfteland før showet skulle i gang.
Jentebandet Ameliorate sjarmerte med herleg søt skranglepop.
Jentebandet Ameliorate sjarmerte med herleg søt skranglepop.
"Verdensteateret" tok dei 60 siste tiåra på kornet. Her frå 1980-talet då alle røykte.
"Verdensteateret" tok dei 60 siste tiåra på kornet. Her frå 1980-talet då alle røykte.
Tidlegare fylkesfinale-deltakar Frida Solheim dedikerte låta "Cancer" til si sjuke veninne.
Tidlegare fylkesfinale-deltakar Frida Solheim dedikerte låta "Cancer" til si sjuke veninne.
Andrea Søfteland, Morten Holmefjord, Erik Rolland og Emil Nordtveit.
Andrea Søfteland, Morten Holmefjord, Erik Rolland og Emil Nordtveit.
Simen Moesgård har delteke i UKM tidlegare. Søndag spelte han i pausen og klinte til med to freshe låtar som han gjev ut på EP i desse dagar.
Simen Moesgård har delteke i UKM tidlegare. Søndag spelte han i pausen og klinte til med to freshe låtar som han gjev ut på EP i desse dagar.
Even Engevik Lygre (nærast kamera) trakterte gitaren på tre innslag. Her syng han også på Bryan Adams låt "When your'e gone"
Even Engevik Lygre (nærast kamera) trakterte gitaren på tre innslag. Her syng han også på Bryan Adams låt "When your'e gone"

Dei to tok dei gode råda til seg og losa oss stødig gjennom det nær to timar lange programmet. I tillegg til å by på seg sjølv mellom innslaga våga dei seg begge på scenen med eigne innslag. Kristina song ein vakker og fin versjon av H.O.L.Y, medan Elida var med på «Verdensteateret»s absurde harselas med dei rare tiåra frå 1950-talet og fram til i dag.

Avgjerd onsdag

Tre utstillarar viste flotte kunstnariske arbeide i foajeen. I Oseana-salen fekk me servert 12 innslag frå scenen. Først onsdag vert det klart kven som går vidare til fylkesfestivalen.

- Dette er ei ordning me har hatt dei tre siste åra. Det positive med å gjera det slik er at konkurransemomentet kjem litt i bakgrunnen. Fokuset blir meir på samhaldet og det å støtta kvarandre til gode prestasjonar, seier kulturkonsulent i Os kommune, Kjetil Osablod Grønvigh.

Kor mange som kjem vidare er uvisst.

- Det heile er kvotebestemt. Det betyr at berre så og så mange kjem vidare innan kvar kategori, vera seg dans, band, teater osv, forklarar Osablod Grønvigh.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fusa rula

Fusingane kom med fullasta bandbil frå andre sida av fjorden. I årets UKM må ein nesten seia dei rula.

- Sånne ting endrar seg litt frå år til år. Den siste tida har bandlinja på Eikelandsosen ungdomskule fått fram mange ivrige musikantar. Dessutan har me jo ein del her som har egnasjert seg i den nye Fusa Rockeklubb, seier Håvard Skåtun.

Blant 12 sceneinnslag stod fusingar for åtte av dei. Og fleire av aktørane gjekk igjen på fleire nummer.

Mest ivrig og etterspurd var Marius Nilsen Kleppe og Even Engevik Lygre. Begge to var oppopm scenen tre gongar.

- Vår tur

Størst tilhengjar-skare var det kanskje Sleepwalkers som hadde. Natasha Smørholm & Co hausta stor jubel då dei som tredje nummer vart henta fram på scenen.

Og applausen var velfortent. Bandet frå Fusa presenterte to sjølvlaga låtar, og imponerte både i kraft av kreativ evne, godt teknisk samspel - og ikkje minst - leveringa frå scenen.

Låtskrivar Marius Nilsen Kleppe tok rocke-trikset heilt ut og spelte så han kledde sin bare overkropp. Natasha song med innleving og truverd på sitt sitt herlege hulderske og spirituelle vis.

Det var på førehånd sagt at bandet tenderte til 1980-talsmusikk, men visuelt såg Natasha meir ut til å ha henta inspirasjonen frå Wodstockfestivalen på slutten av 1960-talet. Ment som eit komplement, altså!

Artikkelen held fram under annonsen.

- Me har spelt ein del i lag og har funne vår greie. Eg håpar me går vidare i år, sa Natasha etter innslaget.

- Ja, det gjorde me ikkje i fjor. I år er det vår tur, skaut låtskrivar Marius inn.

Rørande innslag

Eit hyggjeleg innslag frå Os var «Ameliorate». Det er tradisjon med gode jenteband frå Os. Kanskje er denne gjengen etterkomarane av Furia.

Kvartetten oste gjerne ikkje av erfaring og snorrett komp, men sjarm og utstråling hadde dei i bøter og spann. Jentenes spelte herleg skranglepop, og bør straks vidare-utvikla prosjektet og kanskje skriva nokre låtar sjølv.

All verda til dansenummer var det ikkje, men eit frisk innslag var Joakim Myrdal og Mikal Vedholm Bjelkarøy i «Sense Crew» frå Tag The Floore-gruppa. Gutane hadde til liks med jentene i «Ameliorate» rikeleg med sjarm. Takt og rytme var det også bra med, og ikkje minst humor.

Kveldens mest tankevekkjande innslag var Robin Hovdens film om ein fiktiv kar ved namn Kyrre. Filmen, som var skote i svart/kvitt, reiste mange interessante spørsmål om det å vera åleine, utanforskap og meininga med livet.

Ein svært rørt filmskapar takka etterpå for publikums merksemd. Filmskaparen har truleg mykje inne innanfor novellefilm og liknande.

Ettertenksamt vart det også då tidlegare fylkesfinale-deltakar Frida Solheim song si eigakomponerte låt «Cancer».

Artikkelen held fram under annonsen.

Dette er ein låt eg har skrive til veninna mi Elina. Ho lir av leukemi, konstaterte fusingen.

Berre vinnarar

Alle deltakarane stod for noko unikt denne kvelden. Ikkje alle får vera med til fylkesfinalen, men alle vann sigeren om å vera med, delta og å by på seg sjølv.

For underteikna var det også stas å ta turen bak scenen og sjå det gode samhaldet, og korleis dei mange artistane peppa kvarandre opp og støtta kvarandre. Slik skal det vera!