Livreddande undervisning

Elevar frå ambulanselinja på Os VGS lærte 5.-klassingar om kva dei må gjera dersom dei ein gong kjem først på ein ulukkesstad.

- Kor mange kan du sjå på scena? spør politibetjent Anne Lyssand elevane som sit i ein heilt mørk sal.

Ho skrur på lommelykt, slik at ein kan sjå dei med refleks på. Til slutt kjem lyset heilt på, og ein ser også dei mørkkledde - utan refleks.

Artikkelen held fram under annonsen.

Elevane ser alle - også i mørket - men det er ikkje alle bilistar som har like godt mørkesyn som ein 10-åring.

- Dette gjer me for å visa kor viktig det er å ha på seg refleks. Frå i dag av må de passa på at de alltid har med dykk refleks - og gjerne mamma og pappa også, seier Lyssand.

Femteklassingane har i haust fått lov å sykla til skulen for første gong. Anne Lyssand lurte på om dei visste kva som er viktig å hugsa på når ein skal sykla til skulen.

- Refleks, hjelm, sykkellykt og gode bremsar, kjem elevane fram til.

- Du får faktisk ikkje straff av politiet dersom du syklar utan hjelm. Men mi private meining er at det burde vore forbode. For det er så viktig, sa Lyssand.

Elevar lærte elevar

Utanfor vart det gjeve demonstrasjon av førstehjelp. Mange gruar seg for å gjera noko når dei kjem til ein ulukkesstad, men med meir kunnskap er det lettare å gripa inn.

- Først må du sjekka om han er vaken og pustar. Viss ikkje, så må ein setja i gang med hjarte- og lungeredning, sa ein av elevane ved ambulanselinja.

Etter ein demonstrasjon fekk elevane prøva seg. Dei færraste torde å utføra munn-til-munn-metoden, medan kompresjonane gjekk lettare.

Artikkelen held fram under annonsen.

Varabrannsjef Arne Monsen poengterte at dersom nokon av elevane ville bli brannmann, så måtte dei kunna dette.

- Alle brannfolk kan livreddande førstehjelp. Ofte er me først på staden, og då er det me som må gjera det, sa han.

- Eit felles ansvar

Ståle Skaatun, som er avtroppande leiar for trafikksikringsutvalet kan ta litt av æra for å ha fått i stand trafikksikringsdagen i Oseana.

- Me har faktisk eit ansvar for å læra ungane våre dette, seier Skaatun om opplegget som dekkjer alle 5.-klassane og 10.-klassane i bygda. Til saman 600 elevar.

- Det tok til med at me fekk kommunestyret med oss på å setja av 100.000 kroner til trafikksikring. Første gong me prøvde det var i fjor, og det var såpass stor suksess at me bestemte oss for å prøva å få det til som ei fast årleg greie, seier Skaatun.

1. Det er påbode ved lov å gripa inn dersom ein kjem først til ein ulukkesstad.

2. Sett på naudblinklys på bilen.

3. Ta på refleksvest

4. Sett opp varselstrekant minst 15 meter bak ulykkesstaden i køyreretninga.

5. Ring 113

6. Er dei skadde i ein bil, finn ut kven som er utan medvit og kven som pustar. Ikkje flytt på nokon som sit fastklemt.

7. Du må sikra at dei skadde har frie luftvegar og har støtte til nakke og rygg.

8. Hald hovudet i nøytral posisjon.

9. Pustar ikkje den skadde, legg vedkomande på ryggen og start hjarte- og lungeredning: 30 hjartekompresjonar og 2 innblåsingar. Fortsett med dette til hjelpemannskapet kjem.

10. Bruk jakker eller tepper til å halda dei skadde varme.

11. Unngå varmetap og stress. Hald på den skadde og snakk rolig.

12. Ytre blødingar kan ein prøva å stoppa ved å trykka eit tøystykke mot kuttet.

(Kjelde: Trygg Trafikk)

12 råd som kan redda liv