Geir-Arne Åsnes er fersk direkør ved Compact, og levande engasjert når han fortel om den store, viktige rolla Søfteland-verksemda speler ute i verda. Både i kriseramma områder og for cruise-turistar sin tryggleik.
Geir-Arne Åsnes er fersk direkør ved Compact, og levande engasjert når han fortel om den store, viktige rolla Søfteland-verksemda speler ute i verda. Både i kriseramma områder og for cruise-turistar sin tryggleik.

Livreddarane på Søfteland

Compact på Søfteland reddar liv. Både under sultkatastrofar, i krisesituasjonar og dersom eit cruiseskip skulle gå ned.

Like ved Byvegen på Søfteland ligg ein passe stor, litt anonym og gul fabrikkbygning. Med eit nokså lite skilt som seier GC Rieber Compact.

Mange køyrer berre forbi utan å tenkja over kva som skjuler seg der inne. Nemleg at der på Søfteland ligg ei verksemd som dagleg reddar utallige liv rundt i heile verda. Likevel held dei seg temmeleg anonyme.

Artikkelen held fram under annonsen.

Mange har nok fått med seg at dei driv med produksjon av naudhjelp. Noko som er svært fjernt frå dei fleste av oss.

Langt færre veit truleg at dersom dei gjer som mange andre nordmenn og legg ferien til eit cruise-skip, så kan også deira liv vera avhengig av Søftelands-verksemda, om ulukka skulle vera ute.

Vekstprodukt

- Om det går gale, som med Titanic, så kan ein vera trygg. For i livbåtane på dei beste cruiseskipa finn ein mange av desse pakkane med "godsaker" her frå Søfteland. Dei held deg i live mange dagar, lovar direktør ved Compact, Geir-Arne Åsnes.

Ei av oppgåvene Johnny Handeland utfører langs samlabandet på Compact, er å kontrollmåle vekta på dei ferdig innpakka kjekspakkene.
Ei av oppgåvene Johnny Handeland utfører langs samlabandet på Compact, er å kontrollmåle vekta på dei ferdig innpakka kjekspakkene.
Ei av oppgåvene Johnny Handeland utfører langs samlabandet på Compact, er å kontrollmåle vekta på dei ferdig innpakka kjekspakkene.
Ei av oppgåvene Johnny Handeland utfører langs samlabandet på Compact, er å kontrollmåle vekta på dei ferdig innpakka kjekspakkene.
Dei livreddande kjeksene frå Søfteland under produksjon.
Dei livreddande kjeksene frå Søfteland under produksjon.
Desse pakkane skal redda liv om ulukka er ute for eit cruiseskip.
Desse pakkane skal redda liv om ulukka er ute for eit cruiseskip.
NAudproviant for livbåtar under pakking.
NAudproviant for livbåtar under pakking.

Godsakene han nemner er naudproviant og posar med vatn.

Han fortel at desse naudmatpakkane til livbåtar på cruiseskip er eit av dei største vekstprodukta for verksemda no.

- Desse pakkane kan halde deg i live gjennom den kritiske fasen, seier han.

For krig og katastrofar

I 2010 vart GC Rieber eigar av Compact. Men historia deira går heilt tilbake til 1948, då dei starta opp med produksjon av mellom anna syltetøy, eddik og ekstrakt for å laga vaniljeis. Seinare byrja dei med naudrasjonar til bruk i Forsvaret, i livbåtar og ulike krisesituasjonar. Ein lengre periode var det kanskje mest kjente produktet deira ein såkalla reservestridsproviant (RSP) som populært vart kalla "Daud mann på boks".

Men i 1983 flytta dei verksemda til Søfteland og gjekk bort frå RSP og over til produksjon av naudproviant til matvarekriser rundt i verda istaden.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Vi lagar eit kjeks-produkt som er proppfult av næring og for bruk under sveltkatastrofar. Eit som er til dei som er tydeleg underernærte og har svelta ei stund og eit anna til dei som ikkje er fullt så utsvoltne.

Alltid mange kriser

Unicef, Legar utan grenser og liknande organisasjonar er blant verksemda sine største kundar.

Men dei har ikkje merkt noko spesielt til Syria-krisa, sånn produksjonsmessig.

- Nei, no er det slik at det dessverre alltid er mange kriser rundt i verda. Ikkje alle når media heller, slik som Syria og Sudan, seier Åsnes.

Rundt i verda er det dessutan mange store lager av naudproviant. Både dei enkelte naudhjelpsorganisasjonane og Compact har lager.

- Derfor er salet til dei humanitære organisasjonane temmeleg stabilt.

Fokus på born

Enkelte år er det likevel ekstra ille, og då går produksjonen opp.

- Nett no er vi nok inne i ein meir "normal periode" og vi har god aktivitet. Før jul køyrde vi på to skift. No er vi nede i eitt. Men vi reknar med det blir meir å gjera igjen utover året, forklarer direktøren.

Artikkelen held fram under annonsen.

I dag er Compact spesielt opptatt av å utvikle produkt som er særleg meint på born.

- Vi vil gjerne hjelpa born over den mest kritiske fasen i dei første åra av livet. For dessverre er det alt for mange born rundt i verda som blir kortvokste på grunn av feilernæring, forklarer Åsnes.

Ny direktør

Geir-Arne Åsnes gjekk frå sardinar til kjeks då han første februar i år tok over direktørstolen på Compact.

- I 19 år har eg vore administrerande direktør i King Oscar, som lager verdas beste sardinar. Men etter å ha bygd opp ei flott og solid verksemd der var det på tide å prøva noko nytt, seier han.

Åsnes var i snakk med CG Rieber som eig Compact, og vart fascinert av historia deira.

- Eg visste litt for lite om denne verksemda på førehand. Men vart fortalt om ei spannande utvikling med produksjon i India og Sør-Afrika.

Søfteland-verksemda har nemleg fabrikkar begge stader, der dei produserer eit naudprodukt basert på peanøtter og spesielt berekna på born.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Produktet er fullt av god ernæring, fortel Åsnes med stor entusiasme.

I India starta dei opp i 2009, medan Sør-Afrika-produksjonen kom i gang først i 2014. Også i Danmark har Compact eit dotterselskap.

- Dette er ei utvikling eg ville vera med på, seier Åsnes.

Den nytilsette direktøren bur i Nordvik, og har dermed ikkje lange vegen til jobb. Opphavleg er han frå Sunnfjord, noko ein mest ikkje skulle tru om ein ikkje høyrde den flotte dialekta. For Åsnes bryt med alle fordommar om sunnfjordingar som stillferdige og trauste, der han snakkar og snakkar om det nye hjartebarnet sitt - med stor entusiasme - og heile tida med eit breitt smil.

- No er eg framleis veldig fersk i jobben, då eg byrja for berre to veker sidan, den 1. februar. Men eg har fått ein veldig god velkomst og kjenner eg er i ferd med å koma godt inn i det alt, avsluttar han.

Tilbake på jobb

Midt i desember i fjor hamna Compact plutseleg på førstesidene over heile landet. Denne gangen handla det også om liv og død, men på ein heilt annan og uventa måte enn dei til vanleg jobbar med. Ei av dei tilsette var blitt knivstukke på jobb, av ein kollega.

Førre veke kom kvinna tilbake på jobb, noko direktør Geir-Arne Åsnes er svært glad for.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det er godt for oss alle, seier direktøren.

Han var ikkje starta i jobben den dramatiske dagen like før jul. Men fortel at han veit alle involverte har fått veldig god oppfølging.

- Det skjedde heldigvis i eit område av lokala der svært få oppheld seg. Dermed var det ikkje mange som var direkte involverte og såg det som skjedde, fortel Åsnes.

- Dette kunne skjedd kvar som helst, på kva som helst verksemd. Det var heilt tilfeldig at det skjedde her.

Han og andre som jobbar der fortel om eit svært godt arbeidsmiljø, om tilsette som reiser heilt frå Åsane til Søfteland på jobb kvar dag, år ut og år inn, fordi dei trivst så godt.

- Her er eit unikt miljø og samhald, det har vore til stor hjelp for alle etter det som hende.