Når Erik Payes overtek UNO X-kiosken til Lyssand Bil får kiosken namnet Kiosk1.
Når Erik Payes overtek UNO X-kiosken til Lyssand Bil får kiosken namnet Kiosk1.

Lyssand Bil-kiosken får nytt namn

Det blir nytt namn på Lyssand Bil-kiosken når Eric Playez blir fast leigetakar dei neste fem åra.

Playez har drive Lyssand Bil-kiosken i fleire år. Nyleg vart det klart at kiosk-drivaren overtek heile konseptet.

- For meg passa det veldig fint at Eric ville overta for fullt. Frå desse dagar av leiger han butikklokala dei neste fem åra. Dersom me begge er nøgde med ordninga, har han opsjon på å få leiga vidare i ytterlegare fem år, fortel eigar av Lyssand Bil AS, Torgeir Lyssand.

Artikkelen held fram under annonsen.

Nok å gjera

Når Playez no overtek lokala markerer han det heile med å setja nytt namn på kiosken.

- Me har alltid berre kalla kiosken for Lyssand Bil-kiosken. Når Eric overtek vert namnet «Kiosk1», fortel Torgeir.

Han opna nett sitt femte Mekonomen-verkstad.

Torgeir Lyssand har no fem Mekonomen-verkstader i Bergens-området og er difor glad for at Erik Payes vil ta over kisoskverksemda i Lyssand Bil sine lokale for fullt.
Torgeir Lyssand har no fem Mekonomen-verkstader i Bergens-området og er difor glad for at Erik Payes vil ta over kisoskverksemda i Lyssand Bil sine lokale for fullt.

- Frå før har eg dette her på Os, i Åsane, på Fitjar og i Sandnes, og no i november opna eg altså eit siste på Stord, så ja, det er meir enn nok å gjera, humrar Torgeir Lyssand.