Madcon lovar osingane ei oppleving dei seint vil gløyma på grusplassen under Osfest.
Madcon lovar osingane ei oppleving dei seint vil gløyma på grusplassen under Osfest.

Madcon kjem til Osfest

Duoen Tshawe Baqwa og Yosef Wolde-Mariam i Madcon entrar scenen klokka 24.00 på Osfest-fredagen.

- Det blir ikkje keisamt på Osfest klokka 24.00 på Osfest. Det blir nok ikkje keisamt før det heller, men Madcon tek kaka, seier primus motor for festivalen, Tor Egil Hylland.

- Eit megaprogram

I avtalen ligg det også eksklusivitet. Madcon får ikkje ha andre konsertar i Hordaland før Osfest.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Dette blir spanande. Dei er veldig kjente, og eg gler meg til å sjå reaksjonane blant folk, seier Hylland.

Tidlegare har Osfest sleppt artistaneJulia Bergan og Unge Ferrari. Dei to skal også opptre på "ungdomskvelden" fredag under Osfest. Osfest-generalen fortel at programmet er spikra både for fredagen og laurdagen, og at han har fleire solide namn på lur.

- Eg meiner at vi har sydd saman eit megaprogram. Det er berre å gle seg, seier Hylland og legg til at Osfest er stolte over å få Madcon til Os.

- Dei er kjende for sitt live-rykte og deira usedvanleg sterke hit-historikk. Dette tatt i betraktning blir det utvilsamt eit fett show. Madcon har lova eit show vi seint kjem til å gløyma, seier Hylland.

Har samarbeidd med Kelly Rowland og Snoop Dogg

Madcon blei først kjend tidleg på 2000-talet, då dei debuterte med Spellemannpris-vinnande «It´s All a Madcon». I 2007 kom det store gjennombrotet med singelen «Beggin», ein gamal Frankie Valli-klassikar i ny drakt. Denne selte til seks gonger platina. Oppfølgjaralbumet «So Dark The Con Of Man» selte til dobbelt platina, og innkasserte to Spellemann-prisar. Deretter gjekk det slag i slag med «An InCONcenient Truth» og singelen «Liar», og nok eit par Spellemann-prisar. I 2010 heldt dei ein forrykande opptreden under Eurovision-finalen med låta «Glow». Låta gjekk 10 gonger platinum og toppa hitlister i Noreg og rundt om i Europa. I 2013 sleppte bandet albumet «Icon». På albumet bidreg internasjonale stjerner som Kelly Rowland, Snoop Dogg og Rick Ross. Singelen «One Life» feat. Kelly Rowland gjekk multi platinum og har over 16 millionar visningar på YouTube. Hiten «Don´t Worry» har nesten 140 millionar streams på Spotify. Duoen jobbar for tida med nytt materiale. Dei sleppte nyleg låta «Don´t Stop Loving Me», og no på nyåret kjem det etter sigande meir.