I vinter var ho med på regionssamlinga i Trondheim. I juni er Madelen Koldal Holme klar for landslagsskule for jenter 14-spelarar i Stavanger. (Privat foto)
I vinter var ho med på regionssamlinga i Trondheim. I juni er Madelen Koldal Holme klar for landslagsskule for jenter 14-spelarar i Stavanger. (Privat foto)

Madelen klar for talentleir

Som ein av 24 jenter 14-spelarar er Madelen Koldal Holme teken ut til Statoils talentleir i Stavanger.Kenneth Svenningsen

Stortalentet frå Drange var tidlegare i vår på landslagssamling i Trondheim. No får ho ein ny tur i regi av Norges Fotballforbund.

- Det blir kjempekjekt. Me er 24 jenter som skal trena i lag i Stavanger frå 21.-26. juni. Sist me var på ei slik samling hadde me jenter 14-landslagstrenar Børge Sørensen som instruktør. Eg trur han er blant dei ansvarlege også denne gongen, seier Madelen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Då «Os og Fusaposten» prata med ho fredag føremiddag, var ho på veg til ei anna samling.

- Det er mange samlingar og mykje trening, men eg likar det godt. I dag reiser eg på krinssamling til Bremnes, fortel 14-åringen.

Neste helg skal ho på Adiddas-Cup i Stavanger, så det går i eitt for den talentfulle jenta.

Gode instruktørar

Tidlegare denne veka skreiv me om Ole Martin Kolskogen som skal på Statoils Landslagsskule i Porsgrunn. Samlinga som Madelen skal på i Stavanger er mykje av det same. Denne satsinga er eit samarbeid mellom Statoil og Norges Fotballforbund og er kalla «Morgendagens heltar».

For Madelen sitt vedkomande vert det ei fem-dagars samling på Vidar IL sitt treningsfelt i Stavanger. Noregs Fotballforbund stiller då med trenarar som jobbar fulltid i NFF`s landslagsskole, og som har tung spelarutviklingserfaring.

Prøver toppserienivå

Her heime spelar Madelen til dagen for Gneist sitt jenter 17-årslag. I tillegg trenar ho med fleire andre lag.

- Eg trenar fast med Gneist sitt damelag under leiing av Ingolf Stenevik. Dessutan hospiterer eg ein gong i veka med Toppserielaget til Sandviken og Fyllingsdalen (1. divisjon).

Det siste synest ho er ekstra spennande og lærerikt.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Eg lærer mykje både i Gneist og andre plassar, men det er ekstra utfordrande og artig å trena med toppserielaget til Sandviken. Den største utfordringa er å takla det høge tempoet, seier Madelen.

Fusing og Sandviken-trenar Øyvind Nordtveit har ho stor sans for.

- Han er kjempeinspirerande å trena med. Han er flink til å få ein til å yta det vesle ekstra, fortel Madelen.