Over 70 elevar samt 15 instruktørarstorkoste seg på Os Turn sin friidrettsskule denne veka.
Over 70 elevar samt 15 instruktørarstorkoste seg på Os Turn sin friidrettsskule denne veka.

Maks deltakarar på friidrettskulen

- Me er overraska over den store interessa. Me kunne faktisk ikkje ta inn fleire, seier Sverre Mowinckel-Nilsen.

For første gong i nyare tid arrangerer friidrettsgruppa til Os Turn friidrettskule i skuleferien. Interessa for å vera med har vore upåklageleg.

- Me var spente på korleis det ville gå før me gjekk ut med tilbodet, men kunne me spart oss. Interessa for å vera med her har vore enormt stor. I dag tel me over 70 elevar, og det er maks av kva me føler det er forsvarleg å ha her denne første gongen, seier leiaren i friidrettsgruppa til Os Turn, Sverre Mowinkel-Nilsen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han legg til at dei har måtte seia nei til fleire dei siste dagane.

- Det var leit å måtte gjera det, men tryggleik og ansvar for elevane er det viktigaste. Me er opptekne av at dei vert godt tekne hand om og følgd opp på best mogleg måte, seier Mowinckel-Nilsen.

Proft opplegg

Som ein av åtte andre friidrettsklubbar i Hordaland har Os Turn fått friidrettskule-opplegget ferdig samansydd av Norges Friidrettsforbund.

Frukt er populært i sommarvarmen.
Frukt er populært i sommarvarmen.
Berre dei kulaste av dei kulaste hoppar høgde med solbrillar.
Berre dei kulaste av dei kulaste hoppar høgde med solbrillar.
Erik Natvik (9) klinar til i spyd.
Erik Natvik (9) klinar til i spyd.

- Me er priviligerte og har fått ferdiglaga eit godt opplegg. Men det er likevel mykje som må gjerast, og me hadde ikkje komne langt her om ikkje trenarar, foreldre og eldre utøvarar i gruppa hadde stilt opp og gjort ein god innsats på dugnadssida, seier leiaren.

- Totalt har me nok ein 15-20 frivillige som er med som instruktørar, vaktar eller som hjelper til på kjøkkenet i klubbhuset, legg Mowinckel-Nilsen til.

Sunn kost

Då «Os og Fusaposten» var oppom på torsdag var gjengen gjennom siste dag med terping på øvingar, før konkurranse-dagen fredag.

- Dei gler seg ekstra til å få målt og teke tida på i morgon. Det kjem til å bli bra. Eg ser fleire som har hatt fin framgang desse dagane, seier friidrettstrenar Jan Borgen.

Bjørn Michelsen er glad for at maten og småmåltida fell i smak.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Me har køyrt konsekvent på sunn mat. I går hadde me sushi, i dag vert det grilla laks, og i morgon er det torsk. Dessutan serverer me ein bråte med frukt. Anette Hjelm meinte at ho hadde kutta opp altfor mykje, men sjå her. No er alt borte, smiler Michelsen.

Han legg til at elevane fram til då hadde ete opp 40 korgar med jordbær.

Kvar si veke

Det faktum at friidrettsgruppa og fotballgruppa har fordelt idrettskulane sine til to ulike veker, er sjølvsagt bevisst.

- Normalt brukar fotballgruppa å ha skulen sin same veka som skulen sluttar. I år var det me som fekk første veka, så er dei i gang med sitt opplegg neste veke. Det er absolutt bra at me fekk fordelt det slik, for det er nok mange som er her denne veka, som ville fått eit prioriteringsproblem om begge skulane gjekk av stabelen same veke, seier Mowinckel-Nilsen.