Ulike fag- og helsepersonell arbeider for å utgjera ein skilnad for borna i trygge omgjevnader. Nokre av dei er frivillige ressurspersonar frå andre kantar av verda. Undervisning, teikning, forming, song og musikk er gode verktøy for alle.
Ulike fag- og helsepersonell arbeider for å utgjera ein skilnad for borna i trygge omgjevnader. Nokre av dei er frivillige ressurspersonar frå andre kantar av verda. Undervisning, teikning, forming, song og musikk er gode verktøy for alle.

Mange bekkar små

13. januar opna Lions Norge sitt SAFE-senter for syriske flyktningborn i Bekaadalen i Libanon. Senteret kan ta imot opp mot 400 born og er etablert i samarbeid med den lokale organisasjonen, Beyond, og libanesiske styresmakter.

Annette Pemmer frå Lions Bergen er éi av eldsjelene i dette arbeidet. Ho var ein av dei som reiste ned til Libanon for å sjå senteret i drift dagen etter at det vart tatt i bruk.

- Eg fekk mange sterke og flotte inntrykk, seier Pemmer etter heimkomsten.

Artikkelen held fram under annonsen.

Senteret var fylt med om lag 100 born som øvde, fekk testa eigen kunnskap og besøkja barnehagen. Det største var nok den tydelege gleda som borna viste over alle tilboda dei kunne få her.

Stort engasjement

Det er Lions-klubbane i Noreg som har finansiert senteret, og det er ikkje få dugnadstimar med ulike aktivitetar som ligg bak. Både lotto- og extratipparar har òg vore med gjennom Grasrotandelen. Bidraga frå dei ulike Lions-klubbane ligg frå 5.000 til 100.000 kroner. Dette alt etter yteevne og budsjett, og er eit døme på at "mange bekkar små" kan få det til når viljen er til stades. Det er difor mange støttespelarar i både Os og Fusa som kan gle seg over kva dei har vore med på.

Det starta med ei eldsjel

Kvifor satsa akkurat her, når så mange flyktningar opplever kalde vintrar og lever under umenneskelege forhold?

Seks varme bygg står klare til bruk for leik og læring
Seks varme bygg står klare til bruk for leik og læring
Bekaadalen ligg i fjellområde der vinteren kan vera streng.
Bekaadalen ligg i fjellområde der vinteren kan vera streng.
Lokal underhaldning med born som syng.
Lokal underhaldning med born som syng.
Borna er glade i å leika, også her.
Borna er glade i å leika, også her.
Flyktningane bur i telt også om vinteren.
Flyktningane bur i telt også om vinteren.

Det starta for tre år sidan då ein reportasje frå flyktningleirane i Libanon vart vist på TV og engasjerte eit Lions-medlem. Han kasta seg rundt og alarmerte sine organisasjonssøstrer og -brør: Her må vi gjere noko. To døgn seinare var han på plass i Libanon, med 100.000 kroner frå Lions katastrofefond til innkjøp av varme klede og sko.

Sidan har Lions samla inn og sendt nedover to store containarar med varme klede, samt ein del skulemateriell.

Om SAFE-senteret

I fjor vart avgjerda tatt i Lions Norge: Vi skal no i første omgang byggja opp eit senter med fagpersonell som kan hjelpe borna til meir normaliserte tilhøve.

Resultatet står der i dag, seks varme bygg der flyktningborna kan føla seg trygge og få psykososial hjelp til å bearbeida vonde opplevingar. Dei fleste bur i telt med jordgolv og eit teppe oppå. Kampen for tilværet er beinhard og kampen mot barnearbeid er òg eit av fokusområda ved senteret. Mange av dei er allereie råka av dette, og undervisninga vert lagt til rette for både skule og arbeid. Dei får òg undervisning om menneskerettane sine.

Ulike fag- og helsepersonell arbeider her for å utgjera ein skilnad for borna i trygge omgjevnader. Nokre av dei er frivillige ressurspersonar frå andre kantar av verda. Undervisning, teikning, forming, song og musikk er gode verktøy for alle.

Artikkelen held fram under annonsen.

Lese- og skrivekunnskapane til borna vert testa, slik at dei etter kvart kan få tilrettelagt undervisning og seinare starta på vanleg skule.

Her er også ein barnehage, der borna får eit pedagogisk tilbod og undervisning. Dette for at mor skal kunna jobba. På kveldstid vil sentra kunne gi ulike tilbod til mødrene, ikkje minst får dei sjå at borna blir godt ivaretatt på Lions sitt Safe Center. Foreldre blir elles dratt med i undervisninga, og mødrene får eigne uteområde der dei kan dyrka grønsaker.

-Gjennom senteret får borna enkelt sagt ei mogleg framtid, seier Pemmer. - Det er eineståande som konsept, og ei vidareutvikling av det Unicef jobbar med.

Senteret er bygd opp midt mellom lokalbefolkninga og flyktningane, noko som kan betra dialogen mellom gruppene. Libanesiske born som er råka av barnearbeid er også velkomne her.

Vidare drift

Om økonomien tillét det, er det plass til 400 born her dersom dei går i to skift. Lions satsar i første omgang på å greia å skaffa midlar til drift i to år. Det kostar éin million i året.

Seinare kan bygningane overtakast av Beyond eller Libanesiske styresmakter for vidare drift, evt. anna bruk. Bygningane er oppført med god standard og meint for bruk i mange år.

Synnøve Lien

Lions Fusa