Fest og moro prega laurdagen for mange. Det fekk politiet i Os også merka. (Arkivfoto)
Fest og moro prega laurdagen for mange. Det fekk politiet i Os også merka. (Arkivfoto)

Måtte innom fleire lystige lag

Hjortekalv i Svartavatnet, lystige lag og ein berusa kar som yppa til bråk er noko av det politiet i Os har måtte hanskast med i løpet av det siste døgeret.

På dagtid gjekk det roleg for seg, men i halv tre-tida fekk politiet i Os melding om at ein hjortekalv hadde hoppa ut i Svartavatnet i Lysefjorden.

- Ein turgåar hoppa etter og redda opp kalven, fortel vakthavande betjent ved Os lensmannskontor.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kort tid etter, i 15-tida, gjennomførte politiet ein trafikkkontroll ved det gamle Lidl-lageret i Ådnadalen. 25 bilar vart kontrollerte.

- Ein førar fekk fleire reaksjonar. Vedkomande fekk mellom anna eit førelegg for ikkje å ha sikra eit barn skikkeleg. I tillegg vart bilen avskilta på grunn av andre årsaker, opplyser politiet.

Klokka 22.50 melding om fleire smell i nærleiken av Amfi-senteret. Det er usikkert kva bråket skuldast, men truleg var det fyrverkeri.

I 23-tida var politiet på Halhjem for å snakka med ein kar som hadde tatt ferja mellom Sandvikvåg og Halhjem fleire gongar. Han var ifølgje politiet lettare berusa.

- Patruljen snakka med han og det enda med at han gjekk av på Sandvikvåg, fortel vakthavande betjent.

Seinare på kvelden, nærare bestemt klokka halv eitt, vart ein person bortvist frå ein utestad i sentrum.

- Vedkomande var godt berusa, yppa til bråk og nekta å forlata staden. Han vart bortvist frå Os sentrum.

Klokka halv tre rykte politiet ut til eit lystig lag i nærleiken av Amfi-senteret. Festdeltakarane fekk beskjed om å dempa seg. I 3-tida vart dessutan eit vaksent par, som var uønska på ein privatfest, beden om å forlata staden. Ifølgje politiet gjorde dei det etter kvart.