Fusingen Natasja Smørholm er med i UKM for fjerde året på rad. I år har deltek ho på alle moglege måtar. (Arkiv
Fusingen Natasja Smørholm er med i UKM for fjerde året på rad. I år har deltek ho på alle moglege måtar. (Arkiv

Med eit brennande hjarta for kunst og kultur

Natasja Smørholm (16) har delteke på UKM i fire år i ulike roller. I år er ho med som arrangør, regissør, manusforfattar og som artist.

- Det er kjekt å vera med og arrangera og å skapa. Kunst og kultur er viktig for meg, og eg vil jobba for at det ikkje skal svinna bort. Eg synest det er kjekt å få lov til å ta del i dette, og å realisera UKM og legg til:

- Dessutan tenkjer eg at det er viktig at eg kan både det å stå på scenen og framføra, og at eg får læra meg korleis ein jobbar som arrangør.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kulturverkstad med Eirik Søfteland

Smørholm er med som ung arrangør i Ung Kultur Møtes (UKM), og del av ungdommens ressursgruppe (URG). I URG jobbar dei gjennom heile året for å gjera UKM endå betre for ungdomen.

- Vi plar samlast ein gong i månaden for å planleggja både lokalmønstring og fylkesmønstringa, seier Smørholm.

Det er berre to og ein halv veke til UKM går av stabelen i Oseana. Arrangørane skal ganske snart ha eit møte for å få dei siste detaljane på plass.

Som artist har Natasja Smørholm delteke på UKM i fleire år. Her frå 2014. (Arkiv
Som artist har Natasja Smørholm delteke på UKM i fleire år. Her frå 2014. (Arkiv

- Vi skal laga klart Oseana, jobba for å få på plass fleire deltakarar, handla inn mat og slike ting. I UKM-helga blir det også kulturverkstad, der blant andre Eirik Søfteland er instruktør, seier Smørholm.

På kulturverkstaden blir det ulike workshops. Ein kan melda seg på dansing, band og artist-workshop og arrangør.

Regissør og manusforfattar

- Kva er di oppgåve som arrangør under UKM?

- Vi har førebels ikkje fått fordelt oppgåvene, men eg trur at eg skal vera artistvert, og så er eg meldt på sceneteknisk workshop, seier Smørholm.

Men den unge artisten frå Fusa skal ikkje berre vera arrangør. Ho er også manusforfattar, regissør og produsent for Tidskavalkaden, som Verdensteateret skal framføra. Teatergruppa er frå Os og Fusa, og dei fleste i teatergruppa går på Os barne- og ungdomsteater. Dei brukar kjende låtar frå 50-talet fram til i dag.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Eg skal ikkje ta del i innslaget, men eg har stått for regi, kulissar og manus, seier Smørholm og legg til:

- I tillegg til å vera artist, er eg veldig glad i å skriva manus og å regissera.

Mange deltakarar frå Fusa

Det stoppar ikkje der. Smørholm er også del av Fusa-bandet Sleepwalkers, saman med fire andre fusingar. Dei tok seg heilt til Bergensfinalen i Emergenza. Der hamna dei på fjerdeplass. Dei nådde dermed ikkje heilt til den nasjonale finalen, men bandet var godt nøgd med plasseringa og det å få stå på scenen på USF Verftet i Bergen. No skal dei også stå på scenen i Oseana.

- Resten av bandet hadde lyst til å ta del i UKM, så vi kjem til å melda oss på, seier Smørholm.

I skrivande stund er det 30 påmelde frå Os og Fusa til lokalmønstringa. Så og seia alle sceneinnslaga er frå Fusa. Unntaket er Kristina Andreasson Dale frå Os som skal framføra countrypop.