Heile 158 elevar tok del i Hassan El Fakiris fotballskule på Kuventræ tidlegare denne veka.
Heile 158 elevar tok del i Hassan El Fakiris fotballskule på Kuventræ tidlegare denne veka.

Mest høglytte og største fotballskulegjeng

Det er mange år sidan så mange fotballskuleelevar har vore samla på Kuventræ. Heile 158 elevar deltok på Hassan El Fakiris fotballskule denne veka.

- Me har nok vore bortimot 200 for ein del år sidan, men dei siste åra har me sett tak på kring 120, seier Leif Idar Røen i Os Turn fotball.

Den desidert største fotballskulen i Os hadde nett hatt vitjing av Brann-spelarane Kasper Skaanes og Fredrik Heggland, då «Os og Fusaposten» var oppom onsdag. Då var gjengen meir enn klare for å bli tekne bilete av, både i grupper og eine og åleine.

Artikkelen held fram under annonsen.

Norway Cup ligth

Men før me fekk samla elevane måtte dei få seg ein pust i bakken og noko å eta.

- Me hadde litt styr med å få registrert alle på måndag, men etter det har det gått strålande. Med besøk av Brann-spelarar og turneringsdag i dag, vert det ei finfin avslutning på tre dagar med mange artige opplevingar, seier Endre Brenne.

Han hadde ansvaret for fotballskulen i lag med Hassan El Fakiri. Sistnemnde var sjuk då lokalavisa var oppom.

Brenne kallar turneringsdagen på Kuventræ for Norway Cup light.

- Ja, her er det full innsats i varmen. Nett som det bruker å vera på Ekeberg i Oslo. For dei eldste har me til og med laga både A- og B-sluttspel, så her skal alle få spela godt med kampar, lovar Brenne.

Fin sommarjobb

I tillegg til ei rekkje talentfulle gute-, junior- og seniorspelarar frå eigen klubb, var også Åsane-spelar Vegard Leikvoll Moberg hanka inn som instruktør denne veka. 24-åringen koste seg.

- Eg får nokre kroner for å hjelpa til. Dette er jo ein kjekk, liten sommarjobb, seier studenten, som etter bortekampen mot Ranheim på måndag også kan ta ein velfortent ferie frå seriefotballen i Obos-ligaen.

- Det er blodig alvor i turneringa for 4.-7. klassingane. Laget eg har ansvaret for kallar seg Liverpool, og dei har ingen planar om å tapa kampar i denne cupen, humrar Vegard.