Eit kombinert parkeringshus og terminalbygg på Osøyro vert ein stadig mindre aktuell idé. I 2014 var dette framlegget frå Abo Plan & Arkitektur vurdert, og seinare forkasta.
Eit kombinert parkeringshus og terminalbygg på Osøyro vert ein stadig mindre aktuell idé. I 2014 var dette framlegget frå Abo Plan & Arkitektur vurdert, og seinare forkasta.

Mindre stemning for dette parkeringshuset

Sentrale politikarar vil vekk frå p-hus over Osøyro terminal, og snusar bl.a. på fjellhall-planar i staden for.

Sist veke var parkeringsutvalet på rundreise på Sørlandet for å sjå på ulike parkeringsløysingar. Lillesand, Arendal og Kristiansand har alle valt kvar si løysing, og politikarane drog lærdom av turen.

- Då me kom til Lillesand, kjende me oss litt som heime. Der har dei diskutert parkering i 20 år, men fått gjort lite, seier Espen Aspenes (Frp)

Artikkelen held fram under annonsen.

- I Lillesand parkerte folk som dei ville. Noko av poenget med å besøkja dei, var å sjå worst case-scenariet. Det var endå litt verre enn Osøyro er i dag, seier Nils-Anders Nøttseter (MDG).

Inspirerte av Arendal

Om Lillesand var eit døme på kva ein må unngå, vart Arendal eit døme til inspirasjon.

- Det var veldig interessant å sjå kva dei har fått til i Arendal. Dei er nok blant dei beste i landet på dette. Dei har satsa tungt på fjellanlegg, og skårar høgt på både nærleik til sentrum og pris per parkeringsplass, seier Aspenes.

Også Kristiansand var dei innom. Der har dei satsa på parkeringsplassanlegg under rådhuset. Denne løysinga er ikkje aktuell i Os, men til liks med Arendal, har også dei gått inn for å fjerna p-plassar frå gatenivå.

- At dei mjuke trafikkantane får meir av gaterommet, ser eg som svært viktig. Mindre asfalt, og meir trivnad i gatene - det er nøkkelen, seier Terje Sperrevik (TvS).

Vil vekk frå terminalbygget

Så godt som alle politikarane Os og Fusaposten spør, er no mindre stemte for ideen frå 2014 om kombinert terminalbygg med p-plassar på toppen.

- Ein slik tanke er mykje mindre aktuell. Både storleiken på eit slikt bygg og dei manglande siktlinjene talar mot det, seier Sperrevik.

Han får støtte frå Nils-Anders Nøttseter (MDG).

Artikkelen held fram under annonsen.

- Å få ein slik dominerande kloss som Bergen har hatt i Bystasjonen i mange år, er ikkje eg noko lysten på. Ikkje litt ein gong, seier Nøttseter.

Espen Aspenes (Frp) seier at dei prøver å sjå på heile tematikken med nye augo.

- Nokon konklusjon har me ikkje nådd enno, men me er opne for at p-huset kan plasserast ein annan stad enn på Osøyro terminal, seier han.

Fjellanlegg på Osøyro?

Gustav Bahus sit ikkje i parkeringsutvalet, men var med på sørlandsturen i kraft av si rolle i Os Parkering AS. Han er ein av dei som har sans for parkering i fjellhall, slik Arendal har hatt stor suksess med.

- Eg meiner at fjellhall er veldig riktig, og den tanken har me jo sysla med politisk heilt sidan 70-talet, seier han.

Administrativ leiar for gruppa, Daniel Skotheim, seier at det frå gamalt av er teikna inn eit parkeringsanlegg i fjell mellom Undino og Os Sjøfront. Gustav Bahus legg til at fjellkvaliteten er undersøkt og funnen å vera god nok.

- Det er klart at det kostar å gjera det skikkeleg, men det me høyrde i Arendal var at utgiftene til drift og vedlikehald er lågare, seier han.

Nils-Anders Nøttseter fekk lyst til å undersøkja dette vidare etter turen.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Arendal har laga fjellhall for ein rimeleg penge. Og det er klart at det er ein freistande tanke å finna ei løysing som ikkje krev areal i dagen. Sjå berre på kva klostergarasjen har gjort for Bergen, seier Nøttseter.

Eit steg om gongen

Espen Aspenes (Frp) meiner også at det kan vera aktuelt med fjellanlegg på sikt, men at ein i første omgang har sett for seg eit parkeringsanlegg i dagen.

- Ein betongkonstruksjon ein eller annan stad, er det ein har sett for seg i første fase. Men om det skal vera eit nytt anlegg, eller utviding av eit alt eksisterande anlegg, eller eit anlegg i fjell, må tida visa. Det viktige er å få det nær nok til sentrum. Det er ganske samstemt at folk ikkje vil gå for langt, seier han.

- Grustomta ved Os ungdomsskule er også ei aktuell tomt. Det er for tidleg å spela ut kva me vil tilrå, men gjennom erfaringane frå Sørlandet ser me i alle fall at me har tenkt mykje riktig. Det er viktig at me vågar å tenkja stort nok. Me treng eit anlegg som kan romma 2-300 plassar, seier Daniel Skotheim.

Heller mot betalt parkering

Parkeringsutvalet skal leggja fram si tilråding til politisk behandling i april i år. Eit moment som har vore mykje diskutert, er om det skal innførast betalt parkering på Osøyro eller ikkje. Det ser det no ut til å bli, men ikkje for dei som berre skal på ein rask handletur.

- I dag ser me at fleire og fleire går over til betalt parkering. Ta Lagunen som eit døme frå vår region. Men det er ofte fri nokre timar før det tek til å kosta, seier Terje Sperrevik.

- Ei eller anna form for avgiftsparkering vil det bli. Me tenkjer ei omvendt ordning der du står fritt i ein periode for å gjera det nødvendige av handel. På den måten ivaretar me handelsstanden sine behov på ein god måte, seier Espen Aspenes.

Dermed kan det liggja an til at det er dei som har arbeidsplassen sin i sentrum som i framtida vil måtta betala.