Nore Neset-elevane Alicia Askvik Dyrstad, Andrea Leirvåg, Amalie Røttingen Særvold, fagarbeidarane Silje Kjerland og Tina Fosså og Emma Sofie Midtsæter Strønen ville verkeleg nyta turen i finvêret onsdag.

Naut turen med Moffa og Tinka

- Mange er opptekne av å gå først. Me nyt turen med hundane til Silje, seier veninnegjengen som danna baktroppen under «OPPTUR» onsdag.

Det tradisjonsrike «OPPTUR»-arrangementet til Den Norske Turistforening gjekk av stabelen onsdag. Arrangementet er landsomfattande og omfattar alle 8. klassingane i landet.

Fjerna alle "spor"

20 spreke seniorar var på plass frå tidleg morgon av for å losa dei vel 200 elevane ut på tur. Fleire av dei gjekk til og med turen opp tysdag kveld for å merka.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det blir andre gong me går her på under eit døgn, men kva gjer det i dette flotte vêret, seier Elin Heggø.

I lag med fire-fem andre spreke damer gjekk ho heilt bakerst for å syta for at alle kom seg vidare og at ingen gjekk feil.

- I går merka me løypa. I dag går me bakarst og fjernar alle "spor", smilte Heggø i det dei byrja på bakkane oppover fjellet i Tøsdal.

Silje Kjerland gjekk framleis med hundebæsjen i ein pose då ho kom til Tøsdal. - Eg har gått heilt frå Os sentrum utan å finna eit einaste søppelspann, seier fagarbeidaren ved Nore Neset ungdomsskule.

Alicia og veninnene byta på å gå med Dachs-hundene til Silje.
Alicia og veninnene byta på å gå med Dachs-hundene til Silje.
Lærar Jan Ove Jensen frå Nore Neset ungdomsskule og Elin Heggø og fleire andre frå Os Turlag danna baktroppen for "OPPTUR"-turen over Borgafjellet onsdag.
Lærar Jan Ove Jensen frå Nore Neset ungdomsskule og Elin Heggø og fleire andre frå Os Turlag danna baktroppen for "OPPTUR"-turen over Borgafjellet onsdag.

Naut opplevinga

I gjengen framfor hadde fagarbeidarane Silje Kjerland og Tina Fosså frå Nore Neset ungdomsskule med seg Alicia Askvik Dyrstad, Andrea Leirvåg og Amalie Røttingen Særvold. 8. klassejentene byta på å gå med Siljes Dachs-hundar, Moffe og Tinka.

- Det er jo dette som er tur. Rusla oppover, sjå seg rundt og nyta naturen, seier Amalie på veg oppover mot Borgafjellet.

- Me har det ikkje travelt. Me nyt turen, repliserer Andrea.

- Og det er kjempekjekt å få låna hundane til Silje, legg Alicia til.

Fann ikkje søppelspann

Men berre fryd og gammen var det ikkje. Då me møtte gjengen på veg opp åsen på Tøsdal hadde Silje gått med hundeskit i ein pose sidan dei starta å gå frå Os sentrum.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Eg har gått med denne posen heile vegen, gjennom Borgavegen, Nordmarka og den nye turstien til Tøsdal. Ikkje ein einaste plass er det sett ut søppelspann. Det må jo vera ein glipp. Kommunen burde vel setja ut søppelspann i turområde som dette, undrar Silje.

Fagarbeidaren får støtte av baktroppen frå Os Turlag.

- Ja, tenk at ikkje det finst søppelspann nokon plass langs heile dette strekket. Det er for dårleg, seier Heggø.

- Me skal uansett rydda godt opp etter oss på denne turen her, men eg håpar at representantar frå Os kommune les dette her og syt for at det vert søppelspann i området, så det vert enklare å halda det flotte turområdet "rent og pent", seier Heggø.