Mari Lyssand fortalde om Nils Tveit sin ekstreme arbeidskapasitet. Han takka nesten alltid ja dersom det var snakk om å ta på seg ei oppgåve.
Mari Lyssand fortalde om Nils Tveit sin ekstreme arbeidskapasitet. Han takka nesten alltid ja dersom det var snakk om å ta på seg ei oppgåve.

Nils Tveits liv blir bok

- Det Nils Tveit greidde å utretta på 73 år, skulle normalt vore nok til å fylla tre liv, fortalde Mari Lyssand. No blir det bok om livet til Os sin store son.

Då Mari Lyssand i dag heldt føredrag om Nils Tveit for Os senioruniversitet, kunne ho avsløra korleis bokideen hadde blitt til.

- Då Olav Søfteland i fjor haust spurde meg om eg kunne halda føredrag om Nils Tveit, vart eg først litt nervøs. Eg sa eg måtte ringja til Lars Skorpen først. Han svarte at dette skal gå bra. Samtidig fekk Lars spørsmål om han kunne skriva eit hefte om Nils Tveit sidan det er 140 år sidan han vart fødd i år. Og for kvart kapittel han har skrive, har han sendt dei til meg. Ein veldig takknemlig måte å skaffa seg kunnskap på, sa Lyssand.

Artikkelen held fram under annonsen.

Etter kvart viste det seg at hefte-formatet blei for knapt, og no er det klart at det blir bok ut av det. Olav Søfteland kunne opplysa om at boka såg ut til å bli på rundt 200 sider, og kjem til hausten så sant resten av finansieringa går i orden.

Den upopulære julegåva

Mari Lyssand baserte ein del av føredraget sitt på informasjonen ho hadde fått frå Skorpen, og ho gav han mesteparten av æra.

- Alt det eg seier om Nils Tveit i dag som er feil er rot frå mi side, og alt det eg seier som er rett, har eg fått av Lars, sa ho.

Nils Tveit som 15-åring, då han var ferdig med all formell skulegang.
Nils Tveit som 15-åring, då han var ferdig med all formell skulegang.
180 person fylte hovudsalen i Oseana når NIls Tveit var tema måndag. - Det er noko av det beste besøkstalet me har hatt, sa Olav Søfteland.
180 person fylte hovudsalen i Oseana når NIls Tveit var tema måndag. - Det er noko av det beste besøkstalet me har hatt, sa Olav Søfteland.
Mari Lyssand kjem frå same slekt som Nils Tveit på morssida, men er til vanleg meir vane med å snakka om Ole Bull.
Mari Lyssand kjem frå same slekt som Nils Tveit på morssida, men er til vanleg meir vane med å snakka om Ole Bull.

Men ho hadde openbert sett seg godt inn i stoffet, og lest mykje av det som er skrive om og av Nils Tveit - framfor alt Tveit sitt litterære livsverk, Os-soga. I fjor hadde ho også stor suksess som 17-mai-talar då ho fortalde 200 år av Os-soga på 10 minutt. Lyssand høyrer også til same slekta, og kunne opplysa om at ho hadde fått samtlege band av Os-soga til 15-årsdagen.

- Alle barneborna fekk Ossoga i gåve den jula, og kusina mi på fire år kommenterte: "Du farmor, du er veldig flink til å finna på kjedelege julepresangar"

Mormora var Margit Tøsdal, som også var niesa til Nils Tveit. Det høyrer med til historia at 4-åringen seinare i livet vart umåteleg interessert i lokalhistorie.

Korleis var det mogleg?

I føredraget gjekk Lyssand inn på kor mykje Nils Tveit fekk utretta, kor mykje han tok på seg, og undra seg over korleis han fekk tid til alt. I tillegg til å stå bak fleire bøker, var han trebarnsfar, gardbrukar, rosemålar, ordførar, fylkesordførar - og møtande vara til Stortinget. For ikkje å nemna verva i Os Skjotarlag eller styret for Osbanen.

- Når Nils Tveit gjekk inn for noko, gjekk han verkeleg inn for det. Då han vart valt inn i kommunestyret, hamna han rett i ordførarstolen, nemnte Lyssand, og la til at Nils Tveit også var den som førte protokollen etter samtlege møte.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det skal ikkje vera mogleg å få gjort alt han gjorde på eitt menneskeliv. Så korleis fekk han det til, spurde føredragshaldaren, før ho nemnte i alle fall nokre få av løyndommane hans.

Multitaskaren med sovehjarte

- Eg las ein artikkel i Aftenposten om at det hottaste nett no er å ta seg ein liten lur på 5 minutt for å lada seg opp att. Det var gamalt nytt for Nils Tveit. Han hadde den merkelege evna at han kunne sovna på kommando, akkurat når han trengde det. Eg fekk høyra at når han vart ein eldre mann, skauv han berre tallerkenen til sides, la hovudet i armane og sov i 5 minutt. Deretter kunne han gå i gang med eitt eller anna prosjekt, eller helst to.

Mulitasking var nemleg eit anna av dei mange talenta til den driftige osingen.

- Han gjorde ofte to ting på ein gong. Når han var ute og reiste, var det ikkje nok berre å bli transportert. Han las eller skreiv samtidig. I føreordet til Ossoga skreiv han at "dersom han hadde visst kor stor jobb det skulle bli, hadde han truleg ikkje teke fatt på han". Men takk vere at Osbanen gjekk så seint, og stod så lenge på kvar stasjon, hadde han fått gjort unna mykje skrivearbeid der, fortalde Lyssand.

Korleis Os-songen vart til

Ja, noko av det Tveit er kanskje mest kjent for, skapinga av sjølvaste Os-songen, vart til under multitasking, kunne Lyssand fortelja.

- Ein dag i 1932 var gardbrukaren Nils Tveit ute og køyrde møkk. Hesten ville vel kor han skulle, og Nils var fri til å tenkja medan han sat der. Det var like før første bandet av Ossoga skulle gjevast ut, og han tenkte at det ville vore flott med ein eigen song til Os når boka skulle gjevast ut, fortalde Lyssand.

Dermed gjekk det til at Nils Tveit skreiv første vers på veggen i møkkakjellaren, og for kvart nye lass skreiv han eit nytt vers på veggen.

Åndsmiljøet i Hegglandsdalen

Diktarevna og leselysten vart vekt tidleg hjå Tveit, og Lyssand nemnde fleire lærarar som hadde betydd mykje for han. Likevel var han berre 15 år når all formell skulegang var overstått. Noko av forklaringa ligg også på heimgarden, der dei hadde ei brennande interesse for alt av samfunns- og kulturspørsmål.

Artikkelen held fram under annonsen.

- På det meste abonnerte dei på 7-8 tidsskrift samtidig, og heldt liv i eit eige postopneri, sa Lyssand.

Tveit vart sjølv boksamlar og hadde mellom anna alle bygdebøker som kom var komne ut i heile landet samla i bokstova si på «Holbergtunet" heime på Tveit.

- Men det anar meg at kona hans av og til nok må ha vore litt frustrert når ho som strevde med å få endane til å møtast måtte registrera at ektemannen hadde kjøpt nok ei førsteutgåve av Ibsen, sa Lyssand.

Kva ville Nils ha tenkt?

I løpet av arbeidet med føredraget kunne Lyssand fortelja at ho fleire gonger hadde teke seg sjølv i å spørja: Kva ville Nils ha sagt dersom han visste at.? At alle skuleungane i Os må læra seg den songen han skreiv på veggen i møkkakjellaren heime? At bygda skulle få 20.000 innbyggjarar? At ein diskuterer bru over Bjørnefjorden?

- Han var nemleg ein mann forut for si tid, og som regel minst eit steg framfor alle andre. Ein ting har eg i alle fall landa på: Eg trur ikkje Nils Tveit ville ha prøva å stoppa utviklinga. Han var pragmatisk og løysingsorientert, sa Lyssand, og siterte frå Os-soga ein gong han stod på toppen av eit fjell og skoda ut over bygda: "Åker og eng og det som er stelt er så ørande lite mot alt som ligg urørt. Enno står det mykje att å gjera i osbygdi".