Trinn I i ombygginga av Fusa bu- og behandlingssenter er fullført. I februar startar arbeidet med trinn II. Om alt går etter planen går ombygginga mot slutten når tulipanane blømer på ny. (Arkivfoto)
Trinn I i ombygginga av Fusa bu- og behandlingssenter er fullført. I februar startar arbeidet med trinn II. Om alt går etter planen går ombygginga mot slutten når tulipanane blømer på ny. (Arkivfoto)

Ny byggjeperiode på FBBS

1. februar startar arbeidet med å rehabilitera 12 sjukeheimsplassar på Fusa bu- og behandlingssenter. I byggjeperioden må fusingane belaga seg på færre plassar og mindre kapasitet.

Camilla Kvamme

camilla.kvamme@osogfusa.no

Artikkelen held fram under annonsen.

I mai i fjor vart trinn II i ombygginga av Fusa bu- og behandlingssenter (FBBS) stogga. 12 sjukeheimsplassar skulle eigentleg gjerast om til seks omsorgsbustader, men på grunn av store utfordringar med overbelegg i eininga i første halvdel av året, bestemte kommunestyret at det ville vera klokt å reversera ombygginga.

- Den faglege vurderinga er at ein bør behalda dei 12 sjukeheimsplassane på FBBS for å ivareta dei sengeliggjande og mest pleietrengjande eldre. Elles kan det henda at ein må ta i bruk korttidsplassar til langtidspasientar, noko som gjev utfordringar for rehabiliterings- og behandlingstilbodet og fort skaper nye problem, skreiv rådmannen i sakspapira til kommunestyret.

Ferdig til sommaren

I samband med ombygginga, som startar 1. februar, skal heile langtidsavdelinga byggjast om og utvidast. Det betyr at alle dei 12 romma og bada vert større og betre tilrettelagde.

Gro Elisabeth Almås er leiar for Pleie- og omsorgseininga i Fusa. På grunn av kapasitetsproblem i eininga i fjor, gjekk kommunen bort frå planene om å gjera 12 sjukeheimsplassar om til seks omsorgsbustader på FBBS. (Arkivfoto)
Gro Elisabeth Almås er leiar for Pleie- og omsorgseininga i Fusa. På grunn av kapasitetsproblem i eininga i fjor, gjekk kommunen bort frå planene om å gjera 12 sjukeheimsplassar om til seks omsorgsbustader på FBBS. (Arkivfoto)

- Arealet som skal byggjast om kan ikkje nyttast av bebuarar i byggjeperioden. Det vert såleis færre plassar og mindre kapasitet medan ombygginga pågår, skriv Fusa kommune på nettsida si.

Bygginga skal etter planen vera ferdig i juni.

Vanskelegare med korttidsopphald

Som ein konsekvens av byggjearbeidet, vert bebuarar som har langtidsopphald på avdelinga, flytta til dei areala som vanlegvis vert nytta til kortidsopphald. Vidare skriv kommunen at ein diverre må rekna med litt støy i byggjeperioden.

Ombygginga kan også få konsekvensar for eldre som bur heime. Færre institusjonsplassar betyr at det vert vanskelegare å få korttidsopphald på FBBS medan ombygginga pågår.

- Fleire vil måtta få den hjelpa dei treng i heimen sin, eller i omsorgsbustader. Men alle har rett til å få naudsynt helsehjelp, skriv Fusa kommune, og beklagar samstundes ulempene ombygginga fører med seg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fusa kommune har per i dag 41 sjukeheimsplassar: 16 plassar for pasientar med demens, 13 korttids- og rehabiliteringsplassar og 12 langtidsplassar. I tillegg finst det éi såkalla ØH-seng for pasientar som treng "øyeblikkeleg hjelp".