Onsdag denne veka vart formannskapet i Fusa, med ordførar Atle Kvåle i spissen, kalla inn til eit ekstramøte. Tema for møtet var kommunens planstrategi fram mot 2020. (Arkivfoto)
Onsdag denne veka vart formannskapet i Fusa, med ordførar Atle Kvåle i spissen, kalla inn til eit ekstramøte. Tema for møtet var kommunens planstrategi fram mot 2020. (Arkivfoto)

Ny runde med strategisk snakk

Arealplanen må rullerast innan Fusa vert del av ein ny kommune. Det er formannskapet i Fusa samd om. - Planverket til dei to kommunane må harmonera, påpeikar ordførar Atle Kvåle.

Camilla Kvamme

camilla.kvamme@osogfusa.no

Artikkelen held fram under annonsen.

Då arealplanen for Fusa vart vedteken i oktober 2015, vart det sagt at "kommuneplanens arealdel skal rullerast på ny, og takast med i planstrategien for neste kommunestyreperiode 2015-2019".

I november/desember fekk politikarane planstrategien for 2017-2020 på sakskartet. I strategien vert det konkludert med at Fusa kommune dei komande åra må fullføra dei to planane som, etter tilråding frå Fylkesmannen, vart tekne ut av samla arealplan, nemleg områdeplan for Eikelands-osen og kommunedelplan for akvakultur.

- Det er ikkje trong for rullering av andre tema innan denne KPS-perioden, går det fram av strategien.

I november stilte formannskapet seg bak rådmannen sitt framlegg til vedtak: Fusa kommune vedtek kommunal planstrategi for perioden 2017-2020 slik han ligg føre. Men då saka skulle handsamast av kommunestyre 14 dagar seinare, fremja Aud-May Boge forslag om å senda saka attende til formannskapet.

- Formannskapet har ikkje gjort ein god nok jobb i denne saka, sa Aud-May Boge før ho bad om at saka vert handsama på ny i eit ekstramøte i januar.

Oppteken av framtidig utvikling

Onsdag denne veka var formannskapet samla for å diskutera planstrategien på ny. Ettersom det var førre kommunestyre som vedtok arealplanen, starta møtet med ein grundig presentasjon av planen.

- Det var eit informativt og godt møte. Alle fekk ei felles forståing av kva som ligg i planen, og diskusjonane var gode, seier ordførar Atle Kvåle (Ap).

- Då saka kom til formannskapet og kommunestyret før jul, var ikkje vedtaket frå 2015 reflektert i saka. Det var ikkje arbeidd godt nok med den innfallsvinkelen som låg i vedtaket, difor ønskte vi å bruka tid på å sjå på strategien på ny, spesielt i forhold til arealdelen av kommuneplanen, seier Aud-May Boge (H) og legg til:

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det er viktig å få på plass desse tinga før Fusa slår seg saman med Os. Kartet må stemma overeins med tankane våre om framtidig utvikling av den nye kommunen.

Fleksibel nok?

I innstillinga til kommunestyret heiter det at arealdelen av kommuneplanen skal gjennomgåast og eventuelt delrullerast innan følgjande område i løpet av 2018:

. Naust/sjøbuer

. Næringsareal

. Deler av areal avsett til bustader.

I tillegg kan ein fortløpande rullera andre område ved behov, heiter det i vedtaket.

- Vi må sjå korleis arealplanen fungerer i praksis. Er planen fleksibel nok, eller er det område vi må sjå nærare på i løpet av 2018? Det er viktig med levande planar, slår Kvåle fast.

Ordføraren er glad for at saka vart utsett, og at politikarane fekk høve til å arbeida meir med planstrategien.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Saka kom på tampen av det første året med eit nytt kommunestyre. Det var eigentleg veldig klokt å ta eit ekstramøte. Vi fekk ei grundig innføring i kva potensiale som alt ligg i planen, seier Kvåle.

Politikarane har ikkje teke stilling til kvar nye bustadområde eventuelt skal plasserast. Dette er ting ein må sjå nærare på i samband med ei rullering. Diskusjonane i onsdagens møte gjekk meir på det overordna planet.

- Det var eit godt møte med gode diskusjonar. Vi fekk snakka meir om ståstaden vår, og kva vi meiner kommunen bør sjå nærare på. Dei andre planane ein ser føre seg å gjera noko med i perioden, vert ståande. I tillegg har vi altså teke med arealdelen av kommuneplanen, seier Boge.

Ein annan ting som vert sentralt i tida som kjem, er vidare oppfølging av kommunereformprosessen.

- Det er viktig at den overordna planstrategien omfattar den nye kommunen, og at planverket for Bjørnefjorden kommune harmonerer, seier Kvåle.