Representantar frå Os ASVO tok nyebygget i augnesyn etter kranselaget saman med dei som har stått for oppføringa.
Representantar frå Os ASVO tok nyebygget i augnesyn etter kranselaget saman med dei som har stått for oppføringa.

Nye Os ASVO oppe godt før skjemaet

"Tett hus" på Os ASVO sitt nye industribygg i Kolskogen vart feira i dag. - Ei fantastisk suksesshistorie, seier ordførar Terje Søviknes.

Representantar frå Os kommune, Os ASVO og entreprenør Fronta Bygg feira det nye bygget formiddag.

- Dette ei fantastisk suksesshistorie. Eg trur ikkje det er mange ASVO-verksemder som har satsa så tungt som Os ASVO no gjer, sa Terje Søviknes etter å ha smakt på kaka dei feira med.

Artikkelen held fram under annonsen.

Nybygget er på 4000 kvm og skal husa både Os ASVO og teknisk drift i Os kommune. Meir spesifikt skal Teknisk drift disponera dei to nedste etasjane, medan Os ASVO får dei to øvste.

Dei står sjølve for heile investeringa, og både kva gjeld kjøp av tomt frå Os kommune, bygning og uteområde.

- Dette gjev oss tidsriktige lokale som gjer at me er i stand til å møta framtida på ein god måte, seier Kristian Nygaard.

Terje Klippen hjå Fronta Bygg (t.v.) har måtta vore ekstra påpasseleg med tryggleiken, særleg knytt til sprengingsarbeidet. Dei har to barnehagar og ein skule som næraste nabo.
Terje Klippen hjå Fronta Bygg (t.v.) har måtta vore ekstra påpasseleg med tryggleiken, særleg knytt til sprengingsarbeidet. Dei har to barnehagar og ein skule som næraste nabo.

Teknisk drift kan på si side gle seg over gode garasjar til sitt utstyr, og nye og betre kontorfasilitetar.

Raskare enn venta

Prosjektleiar i Fronta Bygg, Terje Klippen, fortel at byggjefasen har gått veldig greitt. Faktisk har dei greidd å setja opp bygningen raskare enn kva dei sjølve hadde trudd.

- Alt har gått på skinner både i forhold til kvalitet, framdrift og tryggleik, seier Klippen.

Sidan det har vore omfattande sprengingsarbeid på ei tomt som har ein skule og to barnehagar som næraste nabo, har dei vore ekstra påpasselege med tryggleik og varsling.

Huset skal i følgje kontrakten vera innflyttingsklart 4. oktober, men på grunn av innspart tid, kan det truleg vera klart raskare, opplyser Klippen.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Kva står att av arbeid?

- Ein held på med interiør og møblering innvendig no. Utvendig skal me blant anna laga ein mur framføre steinmassane mot gangvegen, og laga eit uteområde for Os ASVO, fortel Klippen.

Foreldre får betre parkering

Vidare er underleverandør Stord Anlegg i gang med grunnarbeidet på det som skal bli felles parkeringsplass for Os ASVO, Teknisk drift og Os Idrettspark, samt på- og avstigingslomme for Kuventræ skule.

- Det er ein stor tilleggskvalitet for Os kommune at me får vesentleg betre parkeringskapasitet for sentralidrettsanlegget vårt.

- Og foreldre får det lettare når dei skal levera til skulen?

- Ja, på- og avstigingslomma vil gje ei betre trafikal løysing for foreldre som skal henta og levera, seier Søviknes.

Om dette er heilt ferdig til skulestart kan han ikkje lova, men det skal i alle fall ikkje vera mykje om å gjera, seier ordføraren.