annonse

17. mai-program for Os og Fusa 2018

Norsk Flagg
Norsk Flagg: (Foto: Illustrasjon)

Her kjem programmet 17. mai for dei ulike krinsane i Os og Fusa.

  • Marknadsavdelinga

NORDTVEITGREND

Kl. 12.00: Prosesjon startar frå skuleplassen.

Kl. 13.00: Tale v/ Kjetil Hestad. Etter talen vert det sal av betasuppe, kaffi, kaker og is. Leikar og aktivitetar for store og små.

Vel møtt!

HOLDHUS

Kl. 08.00: Salutt. Flaggheising på Hålandsdalen Montessoriskule. Bukettnedlegging ved gamlekyrkja.

Kl. 11.00: Gudsteneste i Hålandsdal kyrkje.

Kl. 12.30: Folketoget startar i Eikelandsosen. Oppmøte ved bedehuset. Toget går til FBBS, og deretter til samfunnshuset.

Kl. 13.30:  Matøkt på Hålandsdalen Montessoriskule. Rømmegraut og spekemat. Pølser, brus og is.

Kl. 14.00: Leikar.

Kl. 15.00: Tale for dagen v/Anne Martinsen. Innslag ved elevar frå Hålandsdalen Montessoriskule.

Kl. 15.30: Leikar held fram. Sal av kaffi, kaker og is.

Kl. 17.00: Premieutdelling.

Kl. 17.30: Slutt.

EIKELANDSOSEN

Kl. 08.00: Salutt.

Kl. 11.00: Gudsteneste i Hålandsdalen kyrkje. Folketoget. Skulemusikken og musikklaget spelar.

Frå kl. 12.00: Frammøte i vegen ved bedehuset.

Kl. 12.30:  Salutt. Allsong: ”Ja, vi elsker dette landet”.

Ved sjukeheimen: 

Allsong: ”Fagert er landet”.

Konferansier: Harald Geir Sæther.

Helsing v/ ordførar Atle Kvåle.

Song v/ barneskulen.

Allsong ”Gud signe vårt dyre fedreland”.                  

Rute: Sjukeheimen via Neset, Hellemyra, ungdomsskulen og samfunnshuset.

Program i samfunnshuset:

(Konferansier Harald Geir Sæther)

Kl. 13.30: Allsong: ” Eikelandsfjordsangen”.                 

Song v/ barnehagen.  

Danseinnslag av elevar frå barneskulen.                  

Tale for dagen v/ Terje Sperrevik, som er ny lensmann for kommunane Fusa, Samnanger, Tysnes og Kvam.

Allsong: ” Ja, vi elsker dette landet”.

Ca. kl. 14.30: Leikar. Sal av mat og drikke.

Ca. kl. 16.30: Premieutdeling.

BALDERSHEIM

Kl. 07.00:  Salutt

Kl. 08.00:  Flaggheising

Kl. 09.30:  Idrettsleikar for borna på skuleplassen

Kl. 12.30: Prosesjonen startar Rute: Sørtveit - Helsetunet - Bruvang

Kl. 13.00:  Tale og helsing på Helsetunet

Kl. 14.00:  Sal av betasuppe, dravle, pølse, is, brus, kaffi og kaker på Bruvang. Aktivitetar for born og vaksne.

Kl. 15.30:  Tale v/Ranita Styve Aarvik. Andeslepp. Premieutdeling

Hjarteleg velkomne!

VINNES

Kl. 11.00: Prosesjon. Frå Skåte til skuleplassen.

Kl. 12.00: Tale for dagen. Dukketeater for dei minste.

Kl. 12.30: Leikar for store og små. Sal av mat og drikke, is og brus.

Kl. 16.00:  Takk for i dag!

STRANDVIK

Kl. 07.00: Salutt.

Kl. 11.00-13.30: Leikar på skuleplassen.

Kl. 11.00: Kiosken opnar.

Kl. 12.00-13.30:  Middagsservering.

Kl. 13.30:  Folketog frå skulen. Kransnedlegging ved Bautaen.

Kl. 15.00:  Folkefest i Grendahuset. Underhaldning ved skuleborna. Tale for dagen: Peter-Hans de Zwarte

Inngangsbillett: Vaksne kr 100,-/born kr 25,-.

FUSA

Kl. 10.00: Kransenedlegging – bautasteinen ved Fusa kyrkje. Open kyrkje.

Kl. 11.00: Toget går frå Fusa skule. Musikk ved Eikelandsfjorden musikklag og Eikelandsosen skulemusikklag.
Rute: Fusa skule - Eikhovdaheimen – Fusa samfunnshus.

Kl. 12.00: Leikar for born og vaksne. Sal av mat, is og brus i Fusa samfunnshus.

Kl. 14.00:  Folkefest i Fusa samfunnshus. Premieutdeling, musikalske innslag m.m.

Tale for dagen: Sarifa Moola-Nernæs (leiar for flyktningetenesta i Fusa).

NORE FUSA

Nore Fusa skule:

Kl. 10.00: Salutt. 17. mai-tog frå Holmefjord-butikken til skulen.

Kl. 10.30: Allsong til musikk v/ Holmeford Musikklag på skuleplassen.

Kl. 10.45-11.15: Innslag ved skuleborn. Tale v/ Victoria T. Dale.

Kl. 11.30-14.30: Leikar for born og vaksne.

Kl. 14.30-15.00: Premieutdeling.

Kiosk med sal av pølser, brus, is, rundstykke, kaker og kaffi.

Familiesamling i Bogøytunet:

Kl. 15.30: Betasuppe, kaker og kaffi. Konkurransar.

Familiesamling i Bygdaheimen:

Kl. 15.30: Tale v/ Svein O. Aadland. Litt underhaldning. Matøkt med rauddravle og betasuppe.

17. mai-fest i Bogøy Bedehus:

Kl. 19.00: Tale v/ Olav Eikemo. Litt underhaldning. Rauddravle, kaker og kaffi.

Vel møtt til alle arrangementa i Nore Fusa!

SÆVAREID

Kl. 08.00: Flaggheising.

Kl. 09.30: Leikar for store og små på skuleplassen.

Kl. 11.00: Bilrebus, start frå skuleplassen. Hugs kr 50,- i startkontingent.

Kl. 14.30:  Folketog frå Kapellvegen, Henanger, til Breidablikk.

Kl. 15.00:  Tale for dagen ved Mia Bergesen.

Kl. 15.30: Folkefest på Breidablikk med sal av rauddravle, betasuppe, hotdog, is, kaker, kaffi og brus. Konkurransar for store og små.

Kl. 17.30: Premieutdeling.

STRØNO

Kl. 10.45: Frammøte i 17. mai-krysset.

Kl. 11.00: Prosesjonen går til skule. Musikk ved Nore Neset skulekorps. Tale for dagen. Sal av brus, is, pølser, kaffe og rømmegraut m.m.

Kl. 12.00: Natursti og aktivitetar.

Kl. 13.30:  Premieutdeling og trekking av loddbøker.

Kl. 17.00:  Aktivitetar i Ungdomshuset Alvheim. Luftgeværskyting, pilkast m.m. Kafeteria.

SØRE NESET

Kl. 14.00: Salutt. Toget startar frå Halhjem kai og går til Lunde barneskule. Søre Neset Musikklag spelar.

Kl. 14.45: Opning. To vers av nasjonalsongen. Kor ved elevar frå 6. trinn.

Kl. 15.00: Tale for dagen ved elevar frå 7. trinn. Song til Os ved elevar frå 6. trinn.
Song ved elevar frå 4. trinn, Halhjem barneskule. Søre Neset Musikklag spelar.

Kl. 15.20:  Aktivitetane startar.

Kl. 17.00:  Slutt.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på osogfusa.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Os & Fusaposten?

* må fyllast ut