UP tok 6–7 fartssyndarar i timen på Halhjem. Det er eit høgt tal og godt over gjennomsnittet
UP tok 6–7 fartssyndarar i timen på Halhjem. Det er eit høgt tal og godt over gjennomsnittet

18 bilistar køyrde for fort: – Det er eit høgt tal

Det var 18 fartssyndarar på under to og ein halv time på Halhjemsvegen torsdag. – Det er godt over gjennomsnittet, seier leiar for Utrykkingspolitiet på Vestlandet, Terje Oksnes.

Utrykkingspolitiet starta på Søfteland torsdag. Der kontrollerte dei trafikken i retning sør. Det skal ha vore mykje trafikk, men alle heldt seg innanfor fartsgrensa. Det blei delt ut eitt forenkla førelegg for mobilbruk.

– Om ein blir tatt for å bruka mobilen bak rattet, blir det bot på 1.700 kroner, seier Oksnes.

Artikkelen held fram under annonsen.

6–7 bilførar blei tatt i timen

Kring klokka 12.30 var Utrykkingspolitiet på plass på Halhjem i nærleiken av ferjekaien. Der stod dei til litt før klokka 15.00. Det blei delt ut 18 forenkla førelegg for fart. Vedkomande som var hardast på pedalen blei tikka inn til 69 km/t.

– Då snakkar vi 6–7 i timen. Det er eit høgt tal og godt over gjennomsnittet, seier Oksnes og legg til:

– Noko av forklaringa kan vera at det ikkje var grove fartsbrot – som medfører melding og tek lengre tid å handsama. Kapasiteten til å ta fleire minkar sjølvsagt om det er fleire av desse.

Får 5.500 kroner i bot

Vidare fortel Oksnes at dei kjempar for å få ned talet grove brot.

– Sjølv om det var mange som køyrde for fort, er det bra at ingen av dei var grove brot. Vedkomande som køyrde i 69 km/t får ei bot på 5.500 kroner. Den høgaste bøtesatsen i 50-sone er 8.500 – om ein køyrer i 71 km/t til og med 75 km/t. Etter det er det førarkortbeslag, seier Oksnes.