Brannmannskap rykte ut til Halhjem i natt.
Brannmannskap rykte ut til Halhjem i natt.

50 personar vart evakuerte etter bensinlekkasje - får flytta heima att no

Kring 50 personar vart evakuerte i samband med ein bensinlekkasje i Eikelandsosen i ettermiddag. No er det gjort målingar i området - og dei evakuerte kan flytta heim att.

Bensinen skal ha rent ut i samband med fylling av ein tank midt på dagen i dag.

- Det tok ei stund før me vart varsla, eg har per no ikkje noko formeining om kvifor denne varslinga drøyde, men så snart me vart kopla inn, beordra me evakuering og kutta straumen til nokre av bygningane i området, fortel Øystein Havsgård på vakttelefonen til Fusa kommune.

Artikkelen held fram under annonsen.

Overfyllinga av tanken gjorde at bensin rann ut i bakken og i steinfyllinga under bensinstasjonen og etter kvart kunne ein kjenna lukta på Leiro, fortel Havsgård.

Brannmannskap frå Bergen har bistått i målinga av gasskonsentrasjonen no i kveld, og resultatet vart negativt. 

Bebuarane kan følgjeleg flytta heim att. Desse er varsla på SMS.