Slik ser den eine brua ut sett frå Tysnessida. Brutårnet kan bli 232 meter høgt på denne endeforankra brua.
Slik ser den eine brua ut sett frå Tysnessida. Brutårnet kan bli 232 meter høgt på denne endeforankra brua.

8 milliardar å spara på å flytta brua ein halv kilometer

Den eine brua kan få eit 247 meter høgt brutårn. Ilandføring i Gulhomane kan gje ei 8 mrd. kroner rimelegare bru.

Dei nye prisane kjem fram i tilleggshøyringa frå Statens vegvesen, offentleggjort fredag. Alternativa er fire bruer med kvar si kryssing over fjorden:

Dei to bruene som har fått bokstavane K7 og K7-1 er båe endeforankra bruer, medan K8 og K8-1 er sideforankra bruer. Prisane varierer mykje meir kva gjeld ilandføringspunkt enn brutype. Prisane er sette opp slik, saman med støykonsekvensar:

Artikkelen held fram under annonsen.

Prisoverslaget viser at det vil vera 8 mrd. kroner (18,5 prosent) å spara på å ha ei ilandføring ved Gulhomane, i staden for i Kobbavågen. I tillegg er det lettare å skjerma friområdet for støy med ulike bruløysingar.

Forslaga kjem opp delvis som følgje av eit politisk ønske om å spara pengar på den dyre brukryssinga, men også som følgje av stor lokal motstand knytt til ilandføring ved Kobbavågen.

Negative konsekvensar

Det er også vurdert kva konsekvensar brua vil få for landskapsbilete, nærmiljøet og friluftslivet.

Bruene som startar med K7 er endeforankra, medan K8-bruene er sideforankra.
Bruene som startar med K7 er endeforankra, medan K8-bruene er sideforankra.

«Sidan ei firefelts-flytebru over Bjørnafjorden i seg sjølv vert eit så stort og dominerande element, kan ein sjå det att i liten skilnad mellom dei ulike brukonsepta», står det i utgreiinga.

Likevel har brukonsept K8 – sideforankra bruer mot Kobbavågen – størst negativ konsekvensgrad for dei fleste tema som er vurderte.

Ei meir dominerande bru

Ei eiga arkitekturomtale skildrar den endeforankra brua K7-1:

«Endeforankra flytebru med forankring i begge ender. Ilandføringsstaden på Ossida er flytta frå Kobbavågen til Gulholmane. Brukrumminga er endra frå vestleg retning til austleg retning.» Breidda på brua er nesten halvert, med cirka 33 m brei brukasse. Brutårnet i betong vil bli 232 meter høgt og 64 meter breitt på det breiaste.

«Brua har bogeform og ligg med brukrumminga i austleg retning. Dette fører til at flytebrua vert liggjande mykje lengre inn Bjørnafjorden enn i K7 og vert enno meir dominerande. Tårnet saman med seglingsløpet, definerer ei sterkare tilknyting til landskapet i sør. Landskapsrommet i denne delen av Bjørnefjorden er noko asymmetrisk og med større terrenghøgd på Reksteren enn ved Søre Øyane. Ved å leggje tårn og høg bru i sør understrekar ein denne asymmetrien i landskapet, og som eit arkitektonisk uttrykk er dette spennande og utfordrande.»

Artikkelen held fram under annonsen.

Sideforankra bru – rett over fjorden

Den andre brutypen, K8-1, er skildra slik:

«Sideforankra flytebru med forankring i sjøbotn og i begge ender. Hovudendringa for K8 med sideforankra rett flytebru m/seglingslei i sør er at ilandføringsstaden i Os er flytta frå Kobbavågen til Gulholmane. Dette har og ført til ein mindre justering av ilandføringsstaden på Reksteren i Tysnes. Men brua kjem framleis inn med brutårn på Svarvhelleholmen som tidlegare.»

Denne brutypen går i rett linje over fjorden.

«I nord avsluttast brua med landkar plassert på Gulholmsflua ved Gulholmane. Deretter går vegen på fylling og platebru fram til portal for fjelltunnel lengst syd på Røtinga. Platebrua har ei lengd på om lag 45m og vert støypt i betong. Den vert forankra i land i overgang frå massefyllinga. Steinfyllinga er om lag 330m lang, og om lag 75m brei over vassflata ved Gullholmane.»

Denne brua får eit brutårn på Tysnes-sida på 247,5 meter.

Tilrår bein bru

I arkitekturomtalen frå Vegvesen er det den sistnemnde brutypen som blir tilrådd.

«Alt i alt er K8-1 å føretrekkje av K7-1 og K8-1, då denne har fordelar som nemnt tidlegare; den kryssar fjorden på ein smidigare måte, og går dermed ikkje så aust i fjordrommet – og den har ein rettare påkopling i begge endar. Linjeføringa i sør frå veg til bru er noko som må optimaliserast vidare.»

Alle dei vedlagde dokumenta i saka er å finna på Statens vegvesen sine sider. Høyringsfristen er sett til 30. april.

Artikkelen held fram under annonsen.

Høyringsuttalar til brualternativa vil, saman med høyringsuttalane som allereie er gitt ved den ordinære høyringa, gje grunnlag for Statens vegvesen sitt endelege planforslag for heile planstrekninga mellom Stord og Os.

ol@osogfusa.no