Det nyaste familietilskotet, saman med søskena, Aran Andre, Andreas, Alve, Andrine, Adrian og Alrik. Namnet til veslesøster er førebels ikkje bestemt, men det blir i alle fall noko på a.
Det nyaste familietilskotet, saman med søskena, Aran Andre, Andreas, Alve, Andrine, Adrian og Alrik. Namnet til veslesøster er førebels ikkje bestemt, men det blir i alle fall noko på a.

A-7 er komen til verda

Søskenflokken, som alle har namn som startar på a, fekk ei veslesøster 4. januar. No tel A-gjengen sju.

– Det står bra til med både mor og barn, fortel far, Ivar Måge til Os & Fusaposten.

– Har de bestemt dykk for eit namn?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Nei, ikkje heilt, men det blir noko på a, i alle fall, seier Ivar og ler.

Tidlegare i sommar skreiv Os & Fusaposten omsøskenflokken på seks som skulle bli til sju i januar. Dei fem gutane Andreas, Adrian, Alrik, Alve og dobbel a-en, Aran Andre, gledde seg til familieauken. Det gjorde også Andrine, som håpa på ei veslesøster. Ønsket hennar gjekk i oppfylling.

– Andrine er veldig nøgd. Ho synest det er kjekt å kosa med veslesøster. Det gjer også resten av gjengen, men spesielt Andrine, seier Ivar.

Om det er nokon som har tips til namn, er det berre til å koma med dei.

– Men det må vera eit namn som startar med a. Både enkle namn og doble namn, seier Ivar og smiler.