Å kjenna vinden i håret

Betjeninga ved dementavdelinga på Luranetunet har eit stort ønske om å la bebuarane få kjenna vinden i håret på sykkeltur. No samlar dei inn pengar til el-sykkel.

I dag får avdelinga besøk av Tormod Hansen fra Skien. Han er ei frivillig eldsjel, som reiser rundt og forteller om sykkelen.

- Dette er ein fantastisk moglegheit til å få høyra meir om denne sykkelen, seier avdelingsleiar Sølvi Fagertveit og held fram:

Artikkelen held fram under annonsen.

- Denne sykkelen har vist seg å vera eit godt alternativ for eldre som ønskjer å koma seg ut i frisk luft. Dei er spesielt godt eigna for dei med nedsett gangfunksjon.

Tysdag var det basar for bebuarar og pårørande ved dementavdelinga. Ønsket med basaren var å få samla inn nok midlar til å kunna gå til innkjøp av ein slik ny el-sykkel.

jostein@osogfusa.no