Admiral P melder seg på til Osfest. Reaggie-rapparen spelar på Osfest laurdag 10. august.
Admiral P melder seg på til Osfest. Reaggie-rapparen spelar på Osfest laurdag 10. august.

Admiral P melder seg til teneste

Admiral P er klar til å «Snakke litt» og synge litt på Osfest laurdag 10. august.

Kjært barn har mange namn. Admiral P har minst to. Hans andre seier deg truleg svært lite: Philip Boardman.

Philip Boardman er reaggie-rapparens eigentlege namn. Men sidan han slo gjennom i Noreg for åtte år sidan, er det som Admiral P me kjenner han – mannen som kom plystrande inn på hit-listene med den underfundige og heilnaive «Snakke litt» i 2011.

Artikkelen held fram under annonsen.

Etablert artist

Sidan har Philip - eller Admiral P – blitt ein etablert artist i Noreg. Mannen med zambisk mor og norsk far er blitt folkekjær. Døme på det er hans medverknad i «Hver gang vi møtes», «Allsang ved grensen» og gjesteopptredenar i ei rekkje talkshow dei siste åra.

Hitane frå hans første album med utelukkande norske tekstar er framleis ein viktig del av hans liveset-liste. EP-en «Jobber overtid» forsynte oss med singlane «Spinnvill», «Gjør så godt du kan» og «Snakke litt».

Låtar frå hans to siste album «Selvtillit og Tro» (2014) og «Alltid der» (2018) blir naturleg nok også ein del av det ein får høyra om ein dreg på Osfest laurdag 10. august.

Sju artistar klare

Med Admiral P er totalt sju artistar klare for sommarens musikkfestival på Osøyro.

Fredag 9. august spelar Vivillain, Sipher, Sondre Justad, og Stage Dolls.

Laurdag 10. august er det Admiral P, Violet Road og The Untouchabl(u)es som entrar scenen.

kenneth.svenningsen@osogfusa.no