annonse

Aina Tjosås har sagt opp

Har takka for seg
Har takka for seg: Aina Tjosås har vore tilsett i Os kommune sidan 2013. No er det slutt. (Foto: Benjamin Søgnen Olsen)

Aina Tjosås har sagt opp stillinga si som kommunalsjef i Os kommune/Bjørnafjorden kommune.

Camilla Kvamme

Det går fram av ei pressemelding frå Os kommune.

– Eg beklager at Aina har levert oppseiinga. Ho har vore ein sentral bidragsytar i den kommunale leiinga, seier rådmann Christian F. Fotland.

Aina Tjosås starta i Os kommune som plan- og utviklingssjef i 2013. Ho vart seinare kommunalsjef for samfunnsutvikling.

– Det har vore ei spennande tid i Os kommune der vi gjennom tverrfagleg arbeid og på tvers av sektorar har jobba hardt for å leggja til rette for gode kvardagsliv for osingane. Samstundes har det vore krevjande å stå i spennet mellom lokalpolitiske forventingar, statlege føringar og fagleg integritet. For min del er det difor tid for å gå vidare. Kor vegen går er framleis uvisst, seier Tjosås.

– Eg ønskjer Aina lukke til vidare, seier Fotland i pressemeldinga.

camilla.kvamme@osogfusa.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på osogfusa.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Os & Fusaposten?

* må fyllast ut