Kommunen kan per no ikkje seia noko om tidsaspektet fordi dei ikkje veit årsaka til lekkasjen.
Kommunen kan per no ikkje seia noko om tidsaspektet fordi dei ikkje veit årsaka til lekkasjen.

Akutt vasslekkasje på Halhjem

Os kommune melder om akutt vasslekkasje på Halhjem. Det er usikkert når vatnet er attende for dei som er berørt.

- Grunna akutt vasslekkasje i Halhjemsområdet (adresser i Halhjemsmarka, Kvernhusrenen, Auredalen, Mardalsrenen) vil vatnet bli stengt no og fram til reparasjonen er utført, melder kommunen på sine heimesider.

Kommunen kan per no ikkje seia noko om tidsaspektet fordi dei ikkje veit årsaka til lekkasjen.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det kan ta nokre timar før vatnet er tilbake. Dersom det er partiklar eller misfarging på vatnet etter reparasjon, tapp med kaldt vatn, oppmodar kommunen.

Her legg kommunen ut fortløpande informasjon om vasslekkasjen:

https://oskommune.no/veg-vatn-kloakk-og-avfall/driftsmeldingar/

jostein@osogfusa.no