annonse

Alan Walker har kjøpt hytte i Fusa

Idyll
Idyll: Suksessartisten Alan Walker har kjøpt seg hytte i fredelege Lygrepollen. (Foto: Lygrepollen Hytteutvikling AS)

Kjendis-DJ og fanabu Alan Walker har kjøpt seg hytte i Lygrepollen i Fusa.

anne-marie@osogfusa.no

Om du las notisen om eigedomsssal i førre Os & Fusaposten, la du kanskje merke til at Alan Olav Walker har kjøpt ei hytte til nesten 3,5 millionar kroner i Lygrepollen.

Walker ynskjer ikkje å kommentera saka, men med ei hytte i Lygrepollen er han i alle fall sikra fred og ro langt frå musikkbransjens kjas og mas.

Fana-guten har oppnådd eventyrleg suksess på kort tid og har i fylgje VG gått frå sommarjobb i mormors hage til millionbedrift.

Gjennombrotet kom med Faded som er strøyma nesten 700 millionar gonger på Spotify.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på osogfusa.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Os & Fusaposten?

* må fyllast ut