Årsaka til at innbyggjarar i Fusa kunne sjå eit politihelikopter, er at det kom melding om at ein person hadde kome med alvorlege trugslar mot ein offentleg tenesteperson.
Årsaka til at innbyggjarar i Fusa kunne sjå eit politihelikopter, er at det kom melding om at ein person hadde kome med alvorlege trugslar mot ein offentleg tenesteperson.

Alvorlege trugslar mot ein offentleg tenesteperson førte til storutrykning

Politihelikopteret og hundepatruljen deltok i søk etter ein mann som kom med alvorlege trugslar i Fusa laurdag.

– Årsaka til at innbyggjarar i Fusa kunne sjå eit politihelikopter, er at vi fekk inn ei melding om at ein person hadde kome med alvorlege trugslar mot ein offentleg tenesteperson. Operasjonssentralen sende helikopteret, fortel politibetjent Kjartan Svendsen.

Det var hundepatruljen som spora opp mannen i Eikelandsosen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Mannen blei gripen. Han var ikkje på adressa si. Han er avhøyrt og det er oppretta sak. Politiet jobbar vidare med etterforsking, fortel Svendsen.