Delegasjonen frå Os Turn Fotball jublar for pengar og pris på Ullevål.
Delegasjonen frå Os Turn Fotball jublar for pengar og pris på Ullevål.

Ambassadør-tittel til Os Turn Fotball

Os Turn Fotball vart laurdag 40.000 kroner rikare og kan titulera seg 2018s beste Eat Move Sleep-ambassadør.

Det var under kickoff-samlinga for Eat Move Sleep på Ullevål Stadion at den tilreisande gjengen frå Os Turn Fotball vart ropt opp.

– Dette er ein pris som heng utruleg høgt og som heile klubben skal vera veldig stolte over, seier ein jublande glad dagleg leiar for klubben, Endre Brenne i ei pressemelding.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er eit stort bevis på at klubben gjer mykje bra inn imot born og unge og at den frivillige innsatsen lever i beste velgåande. Alle i og rundt klubben må ta dette til seg og gje seg sjølv eit stort klapp på skuldra. 

Fekk pris for framifrå arbeid

Sponsorsjef Håkon Andersen i BAMA stod for utdelinga av prisen.

Juryen grunngav tildelinga med  at arrangøren, i tillegg til å ha arrangert ein flott fotballcup, har utført si ambassadør-rolle på ein framifrå måte. 

Eat Move Sleep har vorte godt forankra hjå alle spelarar, trenarar og frivillige i Os Turn Fotball. Heilskapen i EMS-arbeidet gjorde at klubben  fekk prisen for 2018. 

Heldt føredrag

I  tillegg til å vinna prisen, heldt Brenne og Tore Kleppe same dag eit føredrag om Os Turns arbeid som Eat Move Sleep-ambassadør. 

I tillegg til Brenne og Kleppe, deltok også Solfrid Vernøy, Annette Kleppe, Eirik Røberg, Trude Riple, John Ole Johannessen, Elisabeth Nedrelid.

– Dei og mange andre står verkeleg på for klubben. Vi har eit dugnadsteam få andre kan skilta med, seier Endre Brenne stolt.I