Thomas Helland måtte roast ned av Ruben Hetlevik etter å ha blitt takla i knehøgde.
Thomas Helland måtte roast ned av Ruben Hetlevik etter å ha blitt takla i knehøgde.

Ampert då Lysekloster tapte

- Horribelt av dommarane, seier Lysekloster-trenar Ruben Hetlevik, som sjølv måtte ut på banen for å roa ned eigen spelar.

– Det er ikkje dommarane som avgjer kampen, men dei gjer to store feil på to minutt. Thomas Helland blir takla i knehøgde. Soleklart raudt kort. Linjedommar står rett ved, men likevel blir det berre gult kort, seier Hetlevik.

Det var i denne episoden, etter 78 minutt spelt, at Hetlevik måtte ut på banen for å roa ned Helland, som rauk i tottane på Brattvåg-spelaren.

Artikkelen held fram under annonsen.

Få minutt seinare tek Håkon Moldeklev ballen, og blir sparka i undersida av foten av Brattvåg-spelar Aksel Berget Skjølsvik, som også hadde gult kort. Dommaren reagerer med å gje Moldeklev sitt andre gule kort for dagen. Hetlevik kunne knapt tru det han såg.

– Det er heilt feil. Skjølsvik skulle hatt sitt andre gule, og dermed raudt. Ikkje Håkon. Kanskje hadde det ikkje så stor betydning for kamputfalet, men no mistar vi ein god fotballspelar i neste kamp. Ekstremt frustrerande, seier Hetlevik.

Lysekloster måtte spela dei siste ti minutta med ein mann mindre. På dette tidspunktet leia Brattvåg 3-1. Heimelaget kom seg aldri attende i kampen, og på overtid auka leiinga til 4-1, noko som også blei sluttresultatet.

Håkon Moldeklev måtte gå av banen ti minutt før slutt. Det skjønte han lite av.
Håkon Moldeklev måtte gå av banen ti minutt før slutt. Det skjønte han lite av.
Håkon Moldeklev var banens beste dei første 20 minutta, men forsvann litt seinare i kampen.
Håkon Moldeklev var banens beste dei første 20 minutta, men forsvann litt seinare i kampen.

Best i 20 minutt

Brattvåg blir av mange rekna som den store opprykksfavoritten i avdelinga, men det var Lysekloster som såg ut til å vera det beste laget i halve førsteomgang. Lysekloster fekk løn for strevet etter åtte minutt. Ken-Joar Føyen la ut til Ole Thomas Herrem som sende ballen forbi Brattvåg-keeper Henrik Reite Hansen. Lysekloster heldt fram med å trykka på, men halvvegs i omgangen skulle det snu. Brattvåg, som knapt hadde vore over midten av banen tidlegare i omgangen, fekk ein dødball. Der dukka tidlegare Rosenborg-, Molde- og Sandnes Ulf-spelar, Aksel Berget Skjølsvik (29) opp og fekk pirka ballen over streken etter klabb og babb i feltet. Brattvåg hadde mest ball resten av omgangen, men det var heimelaget som skulle få omgangens siste sjanse. Lysekloster kom med fleire mann på kontring, men det blei litt upresist, og rann ut i sanden.

Tøff andreomgang

Brattvåg fekk ein flott start på andreomgang. Etter 48 minutt trefte eit innlegg frå bak i banen Torbjørn Grytten, som nikka ballen forbi Chris Sunde Midtun. Brattvåg hadde då skåra på to av to sjanser. Etter 60 minutt skåra dei på noko som knapt kan reknast som ein sjanse. Eit innlegg frå venstre gjekk over Sunde Midtun i Lysekloster-buret, og dalte ned i lengste hjørne. Tre minutt seinare får heimelaget ein stor sjanse, som kunne blåst liv i kampen att, men ballen rulla mellom heimelagets spelarar i boksen, og ingen fekk kula i mål. Lysekloster klarte ikkje skapa dei heilt store sjansane etter dette, og det var Brattvåg, som etter at Lysekloster hadde blitt redusert til ti mann, som sette spikeren i kista. Heimelaget hadde sendt det dei hadde i angrep, og blei straffa på kontring.

– Resultatet gjev ikkje rett bilete av kampen. Det var ein jamnspelt kamp, der Brattvåg var ekstremt effektive, og skåra på det dei hadde av sjansar. Vi blir straffa på dødball, noko som alltid er keisamt, men det er spesielt keisamt i dag då vi var fullt klare over at dei er gode på dødball, seier Hetlevik.

Lyseklosters lag:

Chris Sunde Midtun, Kapinga Brazy. Ken-Joar Føyen, Thorvald Modahl Trætteberg, Denis Ljubovic, Espen Birkeland, Martin Pedersen, Ole Thomas Herrem, Vladan Radojkic, Håkon Moldeklev og Tommy Gaustad.

Pauseresultat: 1-1. Sluttresultat: 1-4.

Målskårar for Lysekloster: Ole Thomas Herrem.

Raudt kort: Håkon Moldeklev.

Innbytarar med speletid: Joakim Helland, Thomas Helland og Kristoffer Østervold.

Heimelagets tre beste: *** Denis Ljubovic, ** Espen Birkeland og * Håkon Moldeklev.