At Asle Olsen og OS SV hevdar at løysinga er at kommunen berre kan overta drifta av barnehagen, om berre som mellombels overtaking, har dessverre ikkje i rot i verkelegheita, skriv ordføraren og varaordføraren.
At Asle Olsen og OS SV hevdar at løysinga er at kommunen berre kan overta drifta av barnehagen, om berre som mellombels overtaking, har dessverre ikkje i rot i verkelegheita, skriv ordføraren og varaordføraren.

Ansvarsfråskriving eller ansvarleg styring? – svar til SV frå Høyre og Frp

Me kan trygga Asle Olsen og Os SV med at kommunen, både ved administrasjonen og politisk leiing, er «på ballen», og er vel orienterte om dei ulike ståstadane i saka, skriv ordførar Marie Bruarøy (H) og varaordførar Laila Reiertsen (Frp).

I eit lesarinnlegg, frå Asle Olsen frå Os SV, i Os & Fusaposten 17.1.18, vert Os kommune kritisert for å å vera både ansvarsfråskrivande og tause i saka om Borgafjell Barnehage, og at vi ikkje er «på ballen».

Me kan trygga Asle Olsen og Os SV med at kommunen, både ved administrasjonen og politisk leiing, er «på ballen», og er vel orientert om dei ulike ståstadane i saka. Os kommune som lokal tilsynsmynde ovanfor barnehagane, skal sjå til at barnehagen vert drive i samsvar med gjeldande regelverk, gjennom rettleiing og ved å føra tilsyn med barnehagane.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kommunen kan gje pålegg om retting dersom det vert avdekka lovbrot ved tilsyn. Tilsyn vart gjennomført i dette tilfellet, etter at kommunen mottok bekymringsmeldingar kring tilhøva i Borgafjell Barnehage, og tilsynet avdekka lovbrot. Dette vart meddelt barnehagen, med frist til å dokumentera tiltak for å lukka og retta lovbrota.

Ved alle pålegg er det eit grunnleggjande prinsipp at den det gjeld skal ha moglegheiter for kontradiksjon, som betyr rett til å uttala seg innan rimelig tid, og retta opp dei omtalte forholda. Det er denne prosessen administrasjonen er inne i no, og vi ber om respekt for at kommunen som tilsynsmynde får sluttføra tilsynet.

Os kommune ynsker ikkje å forskottere standpunkt i prosessen men opptre profesjonelt i møte med alle barnehagane i kommunen.

Fell på si eiga urimelegheit

At Os SV gjennom sitt lesarbrev, kritiserer kommunen for ansvarsfråskriving, fell på si eiga urimelegheit, når kommunen gjer akkurat det lova pålegg oss å gjera. Det undrar meg om Alse Olsen ynskjer at kommunen skal opptre på ein annan måte enn det lova krev av oss, sidan han ventar at ein skal konkludera i saker utan korrekte lovheimlar.

Det er barnehageeigar som fastset vedtektene for den enkelte barnehage. Dette er regulert gjennom barnehagelova §7, og det er lite kommunen kan gjera for å påverka vedtektene i den enkelte barnehage. Alle dei einskilde barnehagane sine vedtekter, kan ein finna på kommunen side heimesider.

I Os har vi mange dyktige, private barnehageaktørar som leverer gode og trygge rammer for våre born med variert pedagogisk innhald.

Då Barnehageforliket vart inngått på Stortinget, var dei private barnehagane nødvendige medspelarar for å sikra full barnehagedekning, også i Os. Vi har eit variert tilbod og mangfald i Os-barnehagane når det gjeld innhald og konsept.

Når ein skal søkja barnehageplass, er absolutt valfridomen (eller konkurransen som Olsen nyttar i sitt innlegg) til stades, då ein som foreldre kan søkja fritt mellom alle dei varierte barnehagetilboda, då ulike familiar har ulike preferansar for sine born. Kapasitet i den enkelte barnehage og dekningsgrad vil til ei kvar tid spela ei rolle om kvar ein til slutt får tildelt plass.

Artikkelen held fram under annonsen.

Full barnehagedekning

I Os har vi full barnehagedekning, og vi har plikt gjennom barnehagelova å tilby plass til dei som har rett til plass. Kommunen kan ikkje lova å tilby ein ny barnehageplass midt i eit barnehageår, men gjer det vi kan for å ha tilstrekkeleg kapasitet til ei kvar tid gjennom ein tett dialog og godt samarbeid med alle barnehagane i Os.

Det økonomiske tilskotet til barnehagane er basert på tal born som vert talde to gonger årleg (aug og des). Os kommune sitt tilskotssystem skal bidra til føreseielege rammer for både barnehagane og kommunen. Dersom barnehagane får ledig kapasitet mellom teljedatoane ved at born sluttar, så opnar det opp for at born kan byta barnehage. Dette vert kalla supplerande opptak, og bidrar til føreseiieleg og kontinuerleg drift i barnehagane. Det er ikkje økonomisk lønnsamt for ein barnehage å ha ledig kapasitet gjennom året. Til sjuande og sist er det økonomien som legg rammene for drifta i den enkelte barnehage, anten den er kommunal eller privat.

Er det økonomisk forsvarleg?

Skulle Os Barnehage opna ei heil avdeling no, og fylla denne med born, ville det vore utan tilskot. Meinar OS SV at det er økonomisk forsvarleg for kommunen?

At Asle Olsen og OS SV hevdar at løysinga er at kommunen berre kan overta drifta av barnehagen, om berre som mellombels overtaking, har dessverre ikkje i rot i verkelegheita. Det er ikkje slik at ein kommune berre kan gripa inn i eit AS, eller kjøpa eit AS gjennom lokalavisa. Om ein privat barnehage eventuelt skulle bli lagt ut for sal, ville det vera naturleg av kommunen å vurdera eit kjøp.

Politisk leiing i Os har stor respekt for at dette er ei krevjande sak for mange, og vi vil følgja den tett opp vidare på ein ansvarleg måte – i tråd med lovar og reglar!

Marie Bruarøy

Ordførar (H)

Laila Reiertsen

Varaordførar (Frp)