Det skulle berre mangla at dei som bur på Lurane ikkje skulle ha kjøken i sin heim - sjukeheimen, skriv Ap, her representert ved Tone Hepsøe og Helge Steinum.
Det skulle berre mangla at dei som bur på Lurane ikkje skulle ha kjøken i sin heim - sjukeheimen, skriv Ap, her representert ved Tone Hepsøe og Helge Steinum.

Ap-jubel over Frp-vending

Arbeidarpartiet sine 7 representantar i Os kommunestyre jublar over at Os Frp søndag la ut melding på si Facebook-side at dei vil søkja om tilskudd til å få kjøken på Lurane.

Arbeidarpartiet og fleire av dei andre opposisjonspartia i Os har i fleire år kjempa ein forgjeves kamp for å få bygd opp igjen storkjøkken på Lurane. Vi har blitt nedstemt av Frp og Høgre kvar gong.

I siste budsjettdebatt i desember fremma både Os Arbeidarparti og TvS på nytt saka i kvart vårt budsjett. Denne gongen var vi i Ap nesten heilt sikre på at vi ville få fleirtal for å sikra bebuarane på sjukeheimen fersk og tilpassa mat. Grunnen var at Siv Jensen i valkampen i september så tydeleg og klårt hadde lova kjøken på alle sjukeheimar. Men den gong ei, skuffelsen var stor då ikkje ein einaste representant frå Os Frp eller Os Høgre støtta vårt forslag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Desto større er gleda når vi no les at dei snur!

Dei skriv at dei vil søkja tilskot til bygging av kjøkken. Vi i Arbeidarpartiet gler oss over dette og vil sjølvsagt støtta at forslaget får fleirtal, når dei no sikkert sjølve vil fremja saka.

Det skulle berre mangla at dei som bur på Lurane ikkje skulle ha kjøken i sin heim - sjukeheimen.

Helge Steinum, Tone Hepsøe, Harald Døsen, Sandra Kristin Austgulen, Gisle Hesjedal, Trine Lindborg, Arild Mads Nilsen

Arbeidarpartiet si gruppe i Os kommunestyre