Arbeidsulukke ved E39-anlegg
Ein person vart skadd då han fekk ein stein på seg under anleggsarbeid ved tunellinnløpet til Skogafjellstunellen i ettermiddag.
SVEGATJØNN
Alle naudetatane rykte ut rundt kl 16.30 til Svegatjønn i dag, ved innløpet til den nye tunellen gjennom Skogafjell. Ein mann hadde fått ein stein på seg, og den første meldinga gjekk ut på at han var fastklemt. Han var derimot komen fri då naudetatane kom til staden, og han vart teken hand om av helsepersonell.