Nils-Anders Nøttseter i Miljøpartiet Dei Grøne meiner at det ikkje er nok openheit i Os kommune.
Nils-Anders Nøttseter i Miljøpartiet Dei Grøne meiner at det ikkje er nok openheit i Os kommune.

Arven etter Terje

LESARBREV: Terje gjekk i regjering. Han etterlet seg ein kommune i vekst med ein av dei slankaste administrasjonane i landet. Kanskje er det slik at den effektive kommunen Søviknes har vore pådrivar for er ei fare for demokrati og innsyn?

Den siste tida har det vorte klart for offentlegheita at Os kommune har bevegd seg i eit litt uklårt landskap med tanke på innsyn. Fleire saker har vist at vi er eit stykke unna å praktisere offentlegheit etter lovboka. Vel er lovboka brei, men det kan likevel vere vanskeleg å halda balansen til ei kvar tid.

No sist var det hamneutvalet, eit av kommunens mange adhocutval, som lukka eit møte som skulle ha vore ope. Journalisten som var tilstades ved byrjinga av møtet vart lukka ute, menuten at nokon kunne vise til kva lovbestemmelse som lukka møtet. Ein ekspert uttala at det ikkje var greit. Dette vart etterfulgt aveit ullent lesarbrev signert ordførar og rådmann der dei så vidt eg kan sjå legg ei vernande hand over dagens praksis.

Artikkelen held fram under annonsen.

Diverre. For det er ein del ting med dagens praksis som ikkje er heilt som det burde vera. Vi har ein av Noregs slankaste kommuneadministrasjonar, noko Terje Søviknes har skrytt av ved kvart høve. Vi har svært flinke folk i administrasjonen vår, men no støtar vi kanskje mot grensa for kor slank ein organisasjon kan verte før noko tek skade.

Det er heller ikkje slik at det er fullstendig valfritt korleis ein skal drive ein kommune. Alt er regulert i lova. I Os har vi formannskapsmodellen. Gjennom utstrakt bruk av adhocutval har kommunen under ordførar Søviknes funne ein metode som er effektiv, men der politikarane er rørte inn i saksførebuingane utan at offentlgegheita har innsyn. Ein slags kvasiparlamentarisme der mykje av avgjerdene i praksis vert tekne i saksførebuinga. Effektivt, ja. Men er det rett? Vi i Miljøpartiet Dei Grøne ønskjer at ålmenta - og politikarane - får mykje betre innsyn i alle desse utvala.

Både eg og Helge Steinum (AP) har fleire gonger bede om ei uttømmande liste over alle utval som er nedsett, men det har ikkje vorte framskaffa. Adhocutval for skule aust om elva hadde eg aldri hørt om før det vart tema i lokalpressa at ein måbyggja skule på matjord. Eg vart folkevald i september 2015, eg har aldri hatt tilgong på dokumentasjon, trass førespurnad - eg har aldri fått høyre at dette utvalet eksisterte. Jau, eg kunne gått tilbake fleire år og lest alle protokollane frå tidlegare periodar, men ein stad går grensen, sjølv for meg. Eg som folkevald må kunna få svar på kva prosessar som foregår i kommunen.

Det er ikkje første gongprosessene i kommunen er oppe til debatt. Nokre gonger kan ein lura på om posisjonen meiner det er opposisjonen sin jobb å sørga for at alt går rett føre seg. Normalt har alle eit eige ansvar å sjå til at dei skikkar seg sjølv skikkeleg. Formelt er det rådmannen sin jobb at prosessane i kommunen går føre seg etter boka. Vi i opposisjonen er gjerne vaktbikkjer, men det kan hjelpa om også posisjonen vil anstrenga seg litt meir for å få ting riktig på første forsøk. Nyleg måtte opposisjonen be om vurdering av gildskapen til Espen Aspenes i adhocutvalet for parkering. Det synte seg at han sat på fleire sider av forhandlingsbordet, og han vart effektivt og relativt stille erstatta i formannskapsmøtet i mai. Ein kan berre undrast om posisjonen sjølv hadde planar om å erstatta Aspenes i dette utvalet på eiga hand.

Media som skal vera ei vaktbikkje for politikarane har i Os også vore for slepphendt med å synleggjere dei halvgjennomskinlege prosessane i kommunen. Nylegsignaliserte faktisk Os og Fusaposten på leiarplas s at dei ikkje ønskte"å ri prinsippa og jakta støyen for støyen sin del, men bidra til at den konstruktive framdrifta vert oppretthalden". Då må eg få seie - gode redaktør; prinsippa er der av ein grunn. Det er maktpåliggande for tilliten til forvaltninga at det som foregår er transparent. Eg kan også minna om at forslag frå MDG og AP om å melda kommunen inn i Transparency International vart vedteke i september 2016. Samrøystes.

Det er lova som gjeld, ikkje kva redaktøren av Os og Fusaposten, ordføraren eller rådmann til ein kvar tid måtte meina er greit nok. Så kan ein vere samd eller usamd i regelverket, men lovene vi har til ei kvar tid gjeld. Kanskje betyr dette litt meir langsame prosessar og litt meir ressursar til administrasjon for Os sin del framover. Men det kan også bety auka tillit til lokalstyret, mindre politikararforakt, og auka lokalt engasjement.

Nils-Anders Nøttseter

med hjarte for Osbygdo,

Artikkelen held fram under annonsen.

paragrafryttar, kommunelovbeskyttar

og gruppeleiar for Miljøpartiet Dei Grøne i Os