(
(

Åt og drakk utan å gjera opp for seg

Tre menn i 20-åra åt og drakk på ein restaurant i Os torsdag, før dei reiste frå rekninga.

– Vi fekk melding rett over klokka halv seks torsdag kveld om at tre menn hadde ete og drukke på ein restaurant i Os. Dei betalte ikkje for seg og stakk av, seier fungerande politioverbetjent, Thomas Juulseth.

Dei tre, som ikkje er heimehøyrande i Os. blei tatt av politiet på veg i retning Bergen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Politiet mistenkjer at sjåføren var påverka av alkohol. Han blei teken med til legevakta for blodprøve, og førarkortet blei beslaglagt. Dei tre er alle involverte i å reisa frå rekninga, og vil nok få eit førelegg for det, i tillegg til at dei må gjera opp for seg med for det dei åt og drakk. Saka med han som køyrde bilen vil gå sin gang, seier Juulseth.

Forsynte seg

Natt til torsdag fekk politiet melding om ein mann i Os som gjekk rundt i Os sentrum og prøvde å stela gjenstandar. Kort tid etter fekk politiet melding om ein mann på taket på Havnechefen. Politiet rykte ut og greip mannen, som hadde med seg ein del fiskeutstyr som kan vera stolen.

– Mannen i 40-åra, er ikkje heimehøyrande i Os. Han hadde ein sykkel som ikkje var hans. Sykkelen er no utlevert til eigar. Han hadde fire fiskestenger og ein våtdrakt. Førebels veit Me ikkje kven som eig dette, seier Juulseth og legg til:

– Då mannen var på taket til Havnechefen forsynte han seg med brus, men han øydela ikkje noko.