I løpet av det siste døgnet har politiet fått melding frå fire ulike firma som har hatt ubehagelege opplevingar med tre personar som dei meiner er austeuropearar.
I løpet av det siste døgnet har politiet fått melding frå fire ulike firma som har hatt ubehagelege opplevingar med tre personar som dei meiner er austeuropearar.

Åtvarar mot bruk av omreisande austeuropearar

I løpet av det siste døgnet har politiet fått melding frå fire ulike firma som har hatt ubehagelege opplevingar med tre personar som dei meiner er austeuropearar.

Personane har oppsøkt firma i Os og tilbydd slipetenester for verktøy.

– Det er blitt avtalt pris på 10.000 kroner den eine dagen, men når dei kjem attende neste dag for å levera tilbake utstyret, krev dei ein mykje høgare sum som 70.000 kroner, skriv politioverbetjent Audun Hadler-Olsen i ei pressemelding.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vidare skriv Hadler-Olsen at politiet åtvarar sterkt mot bruk av tenestene, og at aktørane er useriøse i pengeoppgjer og i si framferd.

– Personane skal ved oppmøte ha opptrådd svært truande og kome med trugslar mot tilsette i firma.

Personane køyrer ein sølvfarga, svenskregistrert Mercedes.