Rolf Lunde har bestemt seg for å auka bodet på Fjellheim.
Rolf Lunde har bestemt seg for å auka bodet på Fjellheim.

Aukar bodet på Fjellheim

Rolf Lunde har onsdag kveld bestemt seg for å auka bodet på Fjellheim.

- Det er no nettopp levert eit nytt bod på Fjellheim til ansvarleg eigedomsmeklar. Bodet vil truleg bli presentert for kommunen i morgon torsdag, skriv Lunde i ein epost.

Han skriv vidare at dei ‘har gravd djupt’ for å koma opp med ein million ekstra, og vedgår samstundes at ‘det sat langt inne å auka bodet’.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er eigedomsutvalet som har fått delegert mynde til å foreta salet for kommunen.

No håpar Lunde at utvalet kjem til eit anna svar enn sist.