Hytta i Steindalen blir driven av Os Ungdomslag.
Hytta i Steindalen blir driven av Os Ungdomslag.

Avhengig av støtte for å kunna bruka hytte

Os Ungdomslag kan i dag ikkje bruka hytta, som har ein sentral plass i lagsdrifta, grunna nye forskrifter for brannvern.

Ungdomslaget, som har lang tradisjon i Os bygda, skal feira 130-årsjubileum i 2020. Dei har søkt om KUP-midlar, for mellom anna å kunna ta i bruk hytta i Steindalen ved Midtsæter, som dei seinaste åra hatt ein sentral plass i lagsdrifta. Hytta måtte brannvesenet stengja på grunn av nye forskrifter for brannvern.

– Dei nye forskriftene for brannvern, gjorde at brannvesenet måtte stengja for all fyring i hytta, noko som i praksis har ført til at ho pr. i dag ikkje er i bruk. Peis, omn og pipa må skiftast ut for å få godkjenning, og i tillegg må rømmingsvegane ordnast. Eit slikt tiltak har ikkje laget vårt økonomi til, og difor søkjer me om hjelp frå kommunen. Alt i alt vil det koste nærare 100.000,- (oppgradering av eldstadar – sjå vedlagde pristilbod – og nye vindauge til rømmingsveg, brannstige, brannmur, ny reintbrennande omn på kjøkenet, frakt), men vi søkjer Os Kommune om 20.000,- til renovering av eldstadane, og resten frå Sparebanken Vest, Fylkeskommunen, Hordaland fylkeskommune og Fortidsminneforeningen, skriv ungdomslaget i søknaden.

Artikkelen held fram under annonsen.

Midlar til to tiltak

Ungdomslaget søkjer om 30.000 kronar i KUP-midlar. 20.000 kroner til renovering av eldstadene, og 10.000 kroner til kursing.

– Os Ungdomslag ønskjer i tillegg å sende eit par unge vaksne på instruktørkurs, for å få i gang att opplæring i folkedans i bygda, for barn i alderen 8 – 16 år. Til dette søkjer me kr 10.000,-. Til saman søkjer Os Ungdomslag om kr 30.000,- frå Os kommune. Ei god investering i bygdetradisjonen! Vårt tiltak er med på å gje dei unge i bygda både «røter og vengjer». På steindalsetra.no kan ein følgja med aktivitetane når hytta vert opna igjen, og her vil rekneskapen stå oppført, m.a. innvilga stønader, skriv dei i søknaden.