Ragnhild Gudbrandsen spelar Babette. Stig Amdam har regien på monologframsyninga som er eit samarbeid med Bjørgvin bispedøme.
Ragnhild Gudbrandsen spelar Babette. Stig Amdam har regien på monologframsyninga som er eit samarbeid med Bjørgvin bispedøme.

Babettes gjestebod i Os kyrkje og Tunet kyrkje- og kultursenter

Torsdag kjem Hordaland Teater til Os kyrkje med «Babettes Gjestebod»

Karen Blixens novelle Babettes gjestebod er kjend som ei forteljing om menneskeleg toleranse. Denne sanselege historia fortel om ein raus kjærleik til livet og medmenneska og den set vårt syn om utanforskap i eit granskande lys.

Prostedøtrene Mathilde og Phillipa er leiande i ein pietistisk kyrkjelyd i Berlevåg. Men kyrkjelyden har mista mykje av den krafta den ein gong hadde og er prega av alderdom og inngrodde konfliktar. Ei fransk kvinne, Babette, flyktar frå dei fryktelege krigshandlingane i Paris i 1871 og får arbeid som tenestejente hos søstrene. Ho tener dei trufast i fjorten år. Då vinn ho i eit stort lotteri og inviterer kyrkjelyden i Berlevåg på eit gedigent fransk måltid som overgår all fantasi og som forløyser både innestengde kjensler, gamle motsetnader og djup livsglede.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det å gjera det gode for kvarandre og gje av dei gåvene ein har, oppsummerer Babettes oppleving av meining i livet.

- Når Hordaland Teater vil ta dette materialet til scenen, er det fordi vi trur denne historia treffer oss i dag. At ein så erfaren og utrykksfull skodespelar som Ragnhild Gudbrandsen skal formidla denne historia, gjev oss tru på at publikum kan venta seg ei sterk teateroppleving som vil stimulera til refleksjon og glede, heiter det frå teateret.

Stig Amdam har regi på monologframsyninga som er eit samarbeid med Bjørgvin bispedøme, lokale arrangørar og for Os sin del, Os folkeakademi.

Etter framsyninga inviterer Os sokneråd Torsdag i Tunet til gjestebod i Tunet kyrkje- og kultursenter. Her kjem og teatersjef Solrun Toft Iversen og skodespelar Ragnhild Gulbrandsen. Dei vil fortelja litt om Karen Blixen og arbeidet med stykket samt bodskapen i forteljinga.

Dei tre påfølgjande dagane kan gjestebodet opplevast i Bønes, Tveit og Birkeland kyrkjer.

Torsdag i Tunet

Os kyrkjelyd