Politiet ber bilføraren eller folk som ser han ta kontakt.
Politiet ber bilføraren eller folk som ser han ta kontakt.

Bad om hjelp til å finna førar etter trafikkulukke

Oppdatert: Mannen som politiet frykta var skadd etter ei bilulukke på Søfteland, er komen til rette.

Sjåoppdatert sak her.

Politiet er nett no ute med personell og fire ekvipasjar frå Norske Redningshunder for å leita etter føraren av bilen som køyrde i ein lyktestolpe ved Røykenes på Søfteland i 16-tida.  

Artikkelen held fram under annonsen.

Vedkomande er ein mann i 40-åra med kraftig kroppsbygning, svart caps, svart jakke og dongeribukse.

Politiet ber publikum som har opplysningar i saka om å ringa Politiets tipstelefon 56 30 39 03.

Ikkje mistenkt

– Er han mistenkt for noko kriminelt sidan de leitar etter han?

– Nei, vi er redde for at han kan vera skadd og vil sjekka om han har det bra, seier vakthavande på Politiets Operasjonssentral.

Han fortel at det var store skader på bilen og at dei difor fryktar at føraren kan ha indre skader.

– Det er ikkje alltid ein merkar slike skader med ein gong, men det kan vera svært farleg. 

Munkevegen

Bilføraren vart sist observert i Munkevegen i retning Os. Han skal då ha teke peiling mot skogen. 

– Kan folk stikka av etter ei ulukke fordi dei har fått sjokk?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det blir berre spekulasjonar. Men generelt kan eg seia at det er ikkje alltid folk opptrer rasjonelt etter slike ulukker, seier vakthavande.