Brannvesenet opplyser at det er lov å tenna sankthansbål så lenge det er i god avstand til bygningar, skogsområde, vegetasjon og anna brennbart materiale.
Brannvesenet opplyser at det er lov å tenna sankthansbål så lenge det er i god avstand til bygningar, skogsområde, vegetasjon og anna brennbart materiale.

Båltips til Sankthans

Følg råda til brannvesenet for forsvarleg bålbrenning. Det er oppmodinga før Sankthans-feiringa fredag.

Brannvesenet opplyser at det er lov å tenna sankthansbål så lenge det er i god avstand til bygningar, skogsområde, vegetasjon og anna brennbart materiale.

Artikkelen held fram under annonsen.

Her er tipsa frå brannvesenet:

• I tørkeperiodar og ved sterk vind vil eit totalforbod mot all eld vurderast. Dei ansvarlege er pliktig å undersøka dette før opptenning.

• Ikkje gjer opp eld på svaberg eller bart fjell då dette gir varige skader på berget.

• Bålet bør byggjast av reine treprodukt. Impregnerte materialar avgjer giftige gassar ved brann. Det same gjeld skumgummimadrassar, gamle sofaer, bildekk og liknande.

• Bålet bør ikkje byggjast for stort. Tilfør i staden meir ved etter kvart.

• Ikkje bruk bensin eller liknande til opptenning.

• Er bålet høgt, bør det tennast på frå midten. På den måten unngår du for store flammar og sterk varmeutvikling.

• Ansvarleg voksen skal sjå til at bålet vert halde under kontroll.

• Sørg for at born held god avstand til bålet. Kle dei i naturstoff som bomull og ull. Kunststoff tek raskt fyr og kan smelta under sterk varme.

Artikkelen held fram under annonsen.

• Ta hensyn til naboar. Røyk verker irriterande på slimhinner i auge og luftvegar, og representerer eit helse- og trivselsmessig problem for dei som vert eksponert før røyk.

• Ansvarleg vaksen skal sjå til at bålet vert sløkt forsvarleg med store mengder vann. Finst det ikkje vatn på staden, må dette takast med.

• Innhent løyve frå grunneigar.

jostein@osogfusa.no