(
(

Båt forsvann over natta

Ein båt som låg ved Skogseidvatnet er meldt stolen.

– Eigar såg båten onsdag. Då han kom tilbake torsdag kveld, var båten borte. Då må nokon ha teke båten natt til torsdagen, eller i løpet av dagen, seier politibetjent, Anders Opsal.

Vidare fortel Opsal at ut frå loggen, ser det ut til at båten har lege på land, og at motoren ikkje skal ha vore montert.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er snakk om ein kvit Askeladden, med blå stripe. Båten er 14 fot.

Politiet ønskjer tips i saka.