Mannen som køyrde på Storholmen med båt søndag kveld, blåste til 1,6 i promille.
Mannen som køyrde på Storholmen med båt søndag kveld, blåste til 1,6 i promille.

Båtulukka på Storholmen: Føraren hadde høg promille

Båtføraren som køyrde på land på Storholmen søndag kveld hadde 1,6 i promille.

– Først fekk vi ei melding om at ein båt dreiv ved Storholmen i Strandvik. Det blei sendt ut trippelvarsling, det vil seia til politi, brannvesen og helsepersonell, då det var usikkert om nokon hadde hamna i sjøen, fortel vakthavande politibetjent i Fusa.

Kan venta seg bot

Etter kvart blei det klart at det var nokon i båten. Ein mann og ein hund.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Mannen, som er heimehøyrande i Fusa, blei transportert til land av brannvesenet, der politiet og ambulanse venta. Han framstod som uskadd, og blei teken med til legen der vi fekk teke utvida blodprøve. Det viste seg at han hadde 1,6 i promille, fortel politibetjenten og legg til:

– Hunden blei teken hand om av familie.

Det skal ha vore mindre skader på båten.

– Det er snakk om at motoren har havarert og at han dreiv inn mot land.

Båtføraren er i 50-åra. Då han er fødd før 1980, er han ikkje pålagt å ha sertifikat for å køyra båten.

– Det er ikkje noko sertifikat å ta frå mannen, men det blei sagt på operasjonssentralen at han nok må venta med å køyra båt igjen i eitt år. Promillegrensa for å køyra båt, er 0,8, fortel politibetjenten og legg til:

– Han kan venta seg ei bot. Storleiken er det ein jurist som fastset.

Tatt igjen

Måndag fekk politiet tips om at den same mannen som var ute i båt, no hadde sett seg bak rattet i ein bil.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Han blei stoppa og kontrollert, og blåste til over tillate verdi i alkometeret. Han blei teken med til legevakta igjen for utvida blodprøve. Det viste seg at han hadde restpromille frå dagen før. Vi tok kontrollmålingar med 30 minutt mellomrom, og promillen blei lågare. Det blei ikkje teke beslag i førarkort på staden, men det vil bli ein vurdering på eit seinare tidspunkt, fortel politibetjenten.