Russehuset-gutane er klare for neset steg. F. v. Harry Moore, Vegard Skeie og Lars Hadler-Olsen. Alexander Tøssebro er også med på laget.
Russehuset-gutane er klare for neset steg. F. v. Harry Moore, Vegard Skeie og Lars Hadler-Olsen. Alexander Tøssebro er også med på laget.

Bedriftssuksessen er klar for neste steg: Russehuset er på jakt etter lokale

Ungdomsverksemda Russehuset skal ta til å selja russeklede og russeutstyr til våren. No er dei på jakt etter lokale.

Vegard Skeie, Lars Hadler-Olsen, Harry Moore og Alexander Tøssebro i Russehuset forsynte seg grovt av prisane som vart delte ut då Ungt entreprenørskap inviterte til fylkesmesse for ungdomsbedrifter på Amalie Skram videregående skole i vår.

Russehuset vann førsteplass i klassen for «Beste ungdomsbedrift» og «Størst verdiskapingspotensiale». I tillegg tok dei andreplass i klassen for «Samarbeid med næringslivet» og tredjeplass i kategorien for «Beste marknadsføring».

Artikkelen held fram under annonsen.

No er dei tre gymnaselevane klare for si fyrste forsending av russeklede og utstyr og treng lokale.

- Vi har ein stor leveranse av varer på veg, 11 paller. Vi spør difor om Os kommune har høve til å hjelpa oss med lån eller leige av eit eigna lokae, heiter det i eit brev frå Russehuset til kommunen.

Verksemda skal motta varene i oktober og har behov for eit lokale på ca 50 kvadratmeter.

jostein@osogfusa.no