annonse

Berre ein stor, stor idrettsmann taklar motgang på den måten som Sverre

Den sanne vinnar
Den sanne vinnar: Sverre Lunde Pedersen jubla tre gongar i Amsterdam. Dessverre fekk han ikkje gleda av å jubla etter 10.000-meteren, men osingen tok marerittet med fatning. Det gjer berre ein stor idrettsmann.

Medan andre hadde stengt seg inne i garderoben, stod Sverre Lunde Pedersen opp som ein mann, gratulerte vinnar Patrick Roest, og smilte høfleg under premieseremonien. Slikt gjer ein stor mann.

Kenneth Svenningsen

Sverre Lunde Pedersen vart ikkje verdsmeister søndag 11. mars 2018. 25-åringen frå Os vart ikkje den første nordmannen som vann allround-VM sidan Johan Olav Koss gjorde det i 1994. Sverre vart ikkje mannen som vippa Sven Kramer ned frå tronen. Sverre fekk ikkje gå med lauvbærkrans framfor 27.000 tilskodarar på Olympiastadion.

Men: Sverre vann mange hjarter denne søndag ettermiddagen. Sverre tok uhellet og tapet av VM-gullet som ein mann. Prata med pressa, klemte dei andre medaljevinnarane og vinka til publikum.

Hadde dette skjedd med Petter Northug hadde me truleg ikkje korkje sett eller høyrd frå fyren før tidlegast St. Hans. Sverre tok det som ein mann.

Ver stolt av deg sjølv!

Det var mange som fekk ettermiddagskaffien i halsen då Sverre gjekk på ræv med berre fire-fem minutt igjen å gå. Sjølv sat eg med ein perpleks oppleving av at dette var ein draum. Eg måtte skru lyden opp på TV-en og høyra og sjå ekstra etter, for å sjå om eg verkeleg såg rett. Jaudå, det var rett. Men det var urett. Det var urettvist og utruleg ufortent for ein sportsmann som har jobba så utrøytteleg og godt for å vinna sitt velfortente VM-gull.

Livet er av og til urettvist. Heller ikkje Sverre skjønte kva som skjedde eller korleis det skjedde.

Etter premieseremonien sa han til NRKs utereportar at han aldri kom til å tilgje seg sjølv for den feilen han gjorde. Det håpar eg nokon fortel han at han bør gjera snarast. For nokon gonger skjer det ting me ikkje forstår. Ting som ikkje gjer meining, og ting som ein ikkje er herre over. Jaudå, Sverre gjorde kanskje ein liten teknisk feil, men det kan også ha vore eit skår i isen, som fekk han ut av balanse. Det skal noko til at slikt skal skje to gonger i ein sesong, om ein tek med uhellet på 1.500 m i Pyeonchang.

Me er stolte av deg

Om du ikkje er stolt av deg sjølv nett i dag. Om du ikkje klarar å gle deg over den sølvmedaljen du fekk tredd over halsen, når du stod der og berre kikka misunneleg bort på Patrick Roest, så vit dette: Me i Os, Bergen og Noreg er stolte over deg. Me er stolte over idrettsmannen som viste at han er verdas beste, ikkje berre på skeiser, men som menneske. Verdas beste vinnar og tapar i ein og same person: Sverre Lunde Pedersen!

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på osogfusa.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Os & Fusaposten?

* må fyllast ut