Slagsmål etter russearrangement ved Ungdomshuset i Hegglandsdalen i natt.
Slagsmål etter russearrangement ved Ungdomshuset i Hegglandsdalen i natt.

Bevisstlaus etter slagsmål på russearrangement

Ungdomen vart køyrt til Haukeland for kontroll. Både gjerningsmann og offer er rundt 17-18 år gamle.

Hegglandsdalen: Klokka 1.55 i natt fekk politiet melding om hendinga.

– Ein person var dytta og slått på eit russearrangement på ungdomshuset i Hegglandsdalen. Offer og mistenkt er 17 og 18 år gamle. Han som vart slått ned, var bevisstlaus ein liten periode, og vart køyrt til Haukeland for kontroll, seier operasjonsleiar Terje Magnussen ved Vest politidistrikt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Blir oppretta sak

Mistenkte hadde reist frå staden, men politiet har kjennskap til hans identitet, og har oppretta dialog. Det vil bli utført avhøyr i løpet av kort tid, og det blir oppretta sak om kroppsskade.